Notar

Gå til 3-4. trinn eller 1-2. trinn

5-7. trinn

Notar

Bilde av en som spiller på piano med hjelp av noter

Dei aller første musikknotane vi kjenner til, vart laga for omtrent 4000 år sidan i Mesopotamia. Der skreiv dei musikken sin på leirtavler med kileskrift. Vi har dessverre ikkje heilt forstått korleis vi skal tyde desse notane.​ 
​ 
På 1000-talet utvikla munken Guido d'Arezzo ein metode for å notere musikk som gjorde det mogleg å forstå kva tone som skal syngjast eller spelast. Han har fått æra for å utvikle det notesystemet som vi brukar i dag. 
​ 
Notar er små teikn som blir brukte til å skrive ned musikk på papir. 
Dei hjelper oss med å hugse korleis musikken skal høyrast ut, om tonane skal vere lyse eller djupe og kor lenge kvar tone skal spelast. ​ 
​ 
Vi teiknar notane på fem vassrette linjer som ligg over kvarandre. Ein note kan teiknast på ei linje, mellom to linjer, eller til og med utanfor linjene. Lyse tonar blir teikna på dei øvste linjene og djupe tonar på dei nedste. Forma på nóta viser kor lenge tonen skal spelast. Så når du ser notar, kan du tenkje på dei som musikken sitt eige alfabet.​ 

Oppgåver

  1. Lag ein definisjon og forklar kva ein note er.
  2. ​Kven har fått æra av å ha funne opp notesystemet?
  3. Samanlikn alle svara dine med ein læringsvenn. Har de like eller ulike forklaring?
3-4. trinn

Notar

Bilde av en som spiller på piano med hjelp av noter

Notar er små teikn vi brukar for å skrive musikk på papir. Dei hjelper oss med å hugse korleis musikken skal høyrast ut.​

Dei aller første notane vart laga for omtrent 4000 år sidan. Dei vart skrivne på leirtavler med ei spesiell skrift.​

Seinare fann munken Guido d'Arezzo opp ein ny metode for å notere musikk. Han introduserte bruk av linjer og teikn som hjelper oss å forstå kva tone som skal syngjast eller spelast.​

Vi teiknar notane på fem vassrette linjer som ligg over kvarandre. Lyse tonar er teikna på dei øvste linjene, og dei djupe tonane er teikna på dei nedste. ​

Forma på nóta fortel oss kor lenge ein note skal spelast eller syngjast. ​Når du ser notar, kan du tenkje på dei som musikken sitt eige alfabet. 

Oppgåver

  1. Lag ein definisjon og forklar kva ein note er.
  2. ​Kven har fått æra av å ha funne opp notesystemet?
  3. Samanlikn alle svara dine med ein læringsvenn. Har de like eller ulike forklaring?
1-2. trinn

Notar

Bilde av en som spiller på piano med hjelp av noter

Først kom ei fløyte.​ 
Den var av bein frå dyr. ​ 
Det er mange instrument. ​ 
Notar viser musikk. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3 juli 2024, 05:33 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.