Musikkintrument

Gå til 3-4. trinn eller 1-2. trinn

5-7. trinn

Musikkintrument

Bilde av en som spiller på et piano, og en som spiller på en saksofon.

Dei første instrumenta

​Menneske har i lang tid brukt musikkinstrument for å lage musikk. Dei første instrumenta var svært enkle og laga av materiale som tre, skinn, frøkapslar og dyrebein.​ 
​ 
Det eldste musikkinstrumentet vi kjenner til, er fløyter laga av bein frå gåsegribb og mammut. Desse 35 000 år gamle fløytene, vart funne i ei hòle i Tyskland. Fløyta er som eit røyr og har fleire utskorne hol. Ulike melodiar kunne spelast ved å dekkje til eller opne hola med fingrane. Desse fløytene viser at menneske laga musikk lenge før dei byrja å skrive.  

​Instrument no til dags

I dag finst det fleire ulike instrument. Mange barn spelar i korps eller i orkester, medan nokon lagar eige band eller sit på rommet sitt og spelar for seg sjølv. Det finst kulturskular der du kan lære å spele eit instrument. Kanskje du har fått prøve eitt eller fleire instrument når du har hatt musikk på skulen din?​

Grupper av instrument​ 

Musikkinstrument blir delte inn i grupper etter korleis dei lagar lyd

  • strengeinstrument: lagar lyd når strengene vibrerer.  Som gitar, fiolin og piano 
  • blåseinstrument: lagar lyd når luft blir blåsen inn og skaper vibrasjon i eit røyr.  Som fløyter, klarinett og trompet​ 
  • membranofon: lagar lyd ved å slå på ein stram membran laga av skinn eller syntetisk materiale. Som tromme og pauke
  • idiofon: lagar lyd når instrumentet blir rista, blir slått eller skrapa på.  Som xylofonar og triangel
  • elektroniske instrument: lagar lyd ved hjelp av elektrisk straum. Som synthesizer og elektrisk gitar
3-4. trinn

Musikkintrument

Bilde av en som spiller på et piano, og en som spiller på en saksofon.

Dei første instrumenta

Menneske brukar musikkinstrument til å lage musikk. Dei første musikkinstrumenta var laga av materiale som tre, skinn, frøkapslar og dyrebein. ​ 
​ 
Det eldste instrumentet vi har funne, er fløyter laga av dyrebein. Dei er funne i ei hòle i Tyskland.​

Instrument no for tida ​ 

I dag finst det mange ulike instrument. Kanskje du har prøvd nokon av dei i musikktimane på skulen?​ 

Grupper av instrument​ 

Musikkinstrument blir delte inn i grupper etter korleis dei lagar lyd

  • strengeinstrument: lagar lyd når strengene vibrerer.  Som gitar, fiolin og piano 
  • blåseinstrument: lagar lyd når luft blir blåsen inn og skaper vibrasjon i eit røyr.  Som fløyter, klarinett og trompet​ 
  • membranofon: lagar lyd ved å slå på ein stram membran laga av skinn eller syntetisk materiale. Som tromme og pauke
  • idiofon: lagar lyd når instrumentet blir rista, blir slått eller skrapa på.  Som xylofonar og triangel
  • elektroniske instrument: lagar lyd ved hjelp av elektrisk straum. Som synthesizer og elektrisk gitar
1-2. trinn

Musikkintrument

Bilde av en som spiller på et piano, og en som spiller på en saksofon.

Først kom ei fløyte.​ 
Den var av bein frå dyr. ​ 
Det er mange instrument. ​ 
Notar viser musikk. 

Grupper av instrument​ 

  • streng:  gitar, fiolin og piano
  • ​blåse:  fløyter, klarinett og trompet
  • ​tromme: tromme og pauke
  • ​slå: xylofonar og triangel​
  • straum: synthesizer og elektrisk gitar

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 desember 2024, 03:47 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.