Strålingsenergi er kanskje noko vi først og fremst knyter til røntgen eller solcellepanel, men han er også heilt nødvendig for å få mange ting i kvardagen til å fungere.

Det er lett å gløyme at alle fjernkontrollar anten brukar infraraud- eller radiostråling for å sende signal til elektroniske einingar som TV-ar, klimaanlegg, garasjedører og lydanlegg for å verke, eller at mobiltelefonar og trådlause nettverk bruker radiobølgjer for å overføre data og snakke med andre einingar. 

Solkraft utgjer ein liten del av kraftproduksjonen i Noreg, men dette er i rask vekst. I 2022 var 7691 solcelleanlegg knytt til straumnettet. Det er ein kraftig auke frå 2021 då talet låg på 2413 anlegg. (Kjelde: Elhub).   
 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 november 2024, 10:11 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.