Kvifor blir huda så skrukkete?

Lurer du på kvifor du blir heilt skrukkete på hendene og føtene når du badar? Forskarar har funne ut at det er fordi det lønner seg å vere skrukkete når det er vått.

Skrukkete føtter i badekar (Medium caseimage)

Før trudde ein at huda saug til seg vatn og svall opp. Men det er ikkje tilfelle. Skrukkene oppstår når blodårene under huda trekkjer seg saman. Dette er noko som skjer automatisk når nervane kjenner at huda er under vatn. Folk som har skadd nervane i fingrane, har faktisk ikkje denne reaksjonen.

Betre fotfeste

Men kvifor skjer det? Forsøk der folk prøvde å plukke opp våte og tørre klinkekuler, viste at det er lettare å plukke opp våte kuler med skrukkete fingrar enn med glatte fingrar. Men det var ikkje merkbart lettare å plukke opp tørre ting. Skrukkene gir også føtene betre fotfeste på vått underlag - og det kan vere veldig viktig når ein skal gå på glatte steinar.

Trygg i vatn

Kvifor er vi ikkje skrukkete heile tida, då? Forskarane meiner at fingrane blir mindre følsame når dei er skrukkete, og at vi då har større risiko for å skade oss. Denne skrukkereaksjonen vår er altså ei veldig snedig innretning som held oss så trygge som mogleg når vi er i vatnet. 

Også publisert i Nysgjerrigper-magasinet nr. 2-2018 

(FOTO: SHUTTERSTOCK)