Morosame fakta om flagg

Bilete: Unsplash

Hvor gamle er flagga?

Det eldste flagget i verda er Danmarks flagg, også kjent som Dannebrog. Det er grunn til å tru at dette flagget har vorte brukt sidan år 1219, noko som gjer det til det eldste nasjonalflagget som framleis er i bruk i dag.  

Det yngste flagget i verda kan vere meir vanskeleg å bestemme på grunn av nasjonar som oppdaterer eller endrar flagga sine. Sør-Sudan vart uavhengig i 2011 og vedtok flagget sitt same år. Vi reknar derfor dette flagget som det yngste flagget framleis.  

Siste endring på eit flagg 

Vatikanstatens flagg vart endra no nyleg i 2023. Då vart den pavelege tiaraen og nøklane på flagget fornya​​. Det betyr ikkje at desse endringane gjer Vatikanstatens flagg til det yngste flagget i verda. Flagget er frå 1929 og dei nye endringane blir berre rekna som modernisering.  

Storleiken på flagget  

Ikkje alle flagg har likt format. Medan mange land bruker rektangulære flagg, kan storleiksforholda – lengda i forhold til høgda – variere. Nokre land har kvadratiske flagg, og det finst også flagg med unike former, som til dømes Nepals flagg som består av to triangulære delar som står på kvarandre. Så forma til flagga og storleiksforhold kan vere like unike som fargane og mønstera dei brukar. 

Fargen lilla 

Lilla er ein av dei minst brukte fargane på flagg. Akkurat no inneheld berre fire nasjonale flagg denne fargen: Dominica, El Salvador, Spania og Nicaragua. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23 november 2024, 11:26 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.