Flaggreglar

Bilete: Shutterstock

Vi har nokre faste flaggdagar i Noreg. Flagget blir heist kl 08.00 i månadene mars til og med oktober og kl 09.00 i månadene november til og med februar kl. 09.00. 
  
Flagget blir fira ned ved solnedgang, men likevel seinast kl. 21.00 viss sola går ned etter denne tida.  
 
I fylka Nordland, Troms og Finnmark blir flagget heist kl. 10.00 og fira ned kl. 15.00 i månadene november til og med februar. 
  
Det er frivillig for privatpersonar å flagge på offisielle flaggdagar. Ein kan flagge på kva dagar ein måtte ønskje. Offentlege bygg må sørgje for å flagge på dei faste flaggdagane våre. Her er ei oversikt over kva dagar det er rett å flagge.  

Visste du at måten vi tek vare på det norske flagget har endra seg? Det norske flagget er spesielt og skal behandlast med stor respekt. Det betyr at vi ikkje skal la det berøre bakken, trakke på det, eller lage hol i flagget med spikar. Viss eit flagg blir gammalt og slite, skal vi anten brenne det eller klippe det opp, slik at det ikkje lenger ser ut som eit flagg. 
  
Når det er 17. mai, ser vi flagg overalt! Nokon hengjer flagget på talarstolar, medan andre bruker det som ein festleg duk eller til å dekorere med. På idrettsarrangement ser du kanskje nokon som bruker flagget som eit panneband, eller at vinnaren har flagget som ei superheltkappe i målområdet. Før i tida var ikkje dette lov, men no er det greitt å vise at ein tilhøyrer og er stolt av Noreg. 

Oppgåve

Du skal no skrive 3 argument for at vi skal innføre dei strenge flaggreglane igjen, og du skal lage 3 argument for at vi skal behalde flaggreglane slik dei er i dag.  
  
JA, til strengare reglar for korleis flagget i Noreg kan brukast 
NEI, til strengare reglar for korleis flagget i Noreg kan brukast 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3 juli 2024, 05:30 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.