Eit flagg blir til

Gå rett til 3.-4. trinn, 1.-2. trinn eller løysing

5.–7. trinn 

Eit flagg blir til

Bilete: Shutterstock

Unionsoppløysingsåret

1814 vart eit vendepunkt i norsk historie. Den dansk-norske unionen gjekk i oppløysing. Noreg fekk si eiga grunnlov på Eidsvoll. Dette feirar vi framleis på 17. mai. 

Sjølvstendig flagg 

Det norske folket var fornøgd med å få ny grunnlov. No ville dei også ha eit eige flagg. I 1814 vurderte den danske kongen Christian Frederik eit forslag som gjekk ut på at det norske flagget skulle vere grønt med eit grått kors i midten.

 Fargane grått og grønt skulle symbolisere Noreg med alle fjella og dei grøne skogane. Dette forslaget fekk Fredrik Meltzer stoppa. 

Flagget tek form

I 2010 vart tippoldebarnet til Fredrik Meltzer intervjua i NRK. Han sa då at det var Fredrik Meltzers 10 år gamle son, Gerhard, som kom med ideen til det nye flagget. Det hadde jo vore morosamt om det stemde. Nokon meiner at dette ikkje kan vera rett, då faren ikkje var saman med son sin på tidspunktet nytt flagg vart diskutert. Meltzer drog til Christiania allereie i mars og vart der til august. Kanskje far og son hadde teikna flagg før denne reisa og teikna saman? Det er i alle fall ei morosam historie at eit barn var med på å laga flagga som vaiar så fint i barnetoga. Uansett fekk Meltzer stoppa eit forslag som prins Christian Frederik vurderte i 1814 om at det norske flagget skulle vera grønt med eit grått kors i midten. Forslagsgivarane meinte at grått og grønt skulle symbolisera Noreg med dei mange fjella sine og grøne skogar. 

Raudt, kvitt og blått

Fredrik Meltzer valde fargane raudt, kvitt og blått fordi det minna han på andre land som hadde kjempa for fridommen sin. Frankrike hadde kjempa for fridom, likskap og brorskap.

USA fekk sjølvstendet sitt og prinsippa om fridom og rettferd. Sjølv Storbritannia, med fortida si som kolonimakt, stod for demokrati. Meltzer ville at Noreg skulle starte på nytt som eit fritt og sjølvstendig land. 

Å høyre til i Skandinavia

I tillegg ville Meltzer ha eit flagg med kors i midten, etter skandinavisk tradisjon. Han meinte at eit raudt flagg med eit kvitt kors ville minne om Danmark, og blåfargen ville vere ei fin helsing til den nye unionen vår med Sverige.

Frå dansk til norsk

Dessutan ville det bli lett for dei som allereie hadde eit dansk flagg og berre sy på eit kors i midten med blått stoff. I gamledagar laga folk flagga sine sjølv, derfor var det viktig at det nye flagget vart lett å sy. 

 Kongens godkjenning

Etter at Stortinget hadde bestemt seg for Fredrik Meltzers flaggforslag, måtte dei få godkjenning frå kongen. På den tida var Noreg i union med Sverige, så det var den svenske kongen, Karl Johan som hadde det siste ordet. Heldigvis fall flagget i smak hos kongen. Han gav godkjenninga si, og slik fekk Noreg det nye flagget sitt.

Design

Det er ikkje eigne reglar for korleis eit flagg skal sjå ut. Valet av fargar, symbol og design er opp til kvart enkelt land. Dei fleste vel likevel fargar eller symbol som har historisk eller kulturell betydning for landet. Det er i tillegg vanleg å velje kryss, striper og stjerner.  

Fargar 

Raud er den mest brukte fargen, og han blir brukt på 74 prosent av alle nasjonale flagg. Kvitt og blått er også vanlege fargar: Dei kjem på høvesvis andreplass med 71 prosent og tredjeplass med 50 prosent av flagga. Lilla er ein av dei minst brukte fargane i nasjonale flagg rundt om i verda.

Oppgåver

  • Kvar og når fekk Noreg si eiga grunnlov?
  • Kva feirar vi i Noreg på 17. mai?
  • Kven foreslo det norske flagget som vart valt i 1821?
  • Kva land inspirerte Melzer i utviklinga av det norske flagget?
  • Kvifor var det viktig for Fredrik Meltzer å inkludere eit kors i designet til flagget?  
  • Kven måtte gi godkjenninga si før det nye, norske flagget kunne brukast?
  • Korleis kunne folk gjere om det danske flagget til å bli norsk?
  • Kva farge er mest brukt på flagg rundt om i verda?
  • Kvifor trur du det var viktig for Noreg å ha sitt eige flagg?
  • Det norske flagget er i ein bestemd storleik.  
  • Teikn flagget rett på eit eige ruteark.

  
Samanlikn storleiken på dei ulike nordiske flagga

  • Kva form har desse flagga?
  • Tell og teikn desse flagga på ruteark. Fargelegg dei.
  • Lag flagga i Minecraft. 

 

3.–4. trinn 

Eit flagg blir til

Bilete: Shutterstock

Unionsoppløysingsåret 

1814 vart eit vendepunkt i norsk historie. Den dansk-norske unionen gjekk i oppløysing. Noreg fekk si eiga grunnlov på Eidsvoll. Dette feirar vi framleis på 17. mai.  

Eit eige flagg

Det norske folket var fornøgd med ny grunnlov. No ville dei også ha eit eige flagg. I 1814 fekk den danske kongen Christian Frederik eit forslag om at det norske flagget skulle vere grønt med eit grått kors i midten. Dette forslaget fekk Fredrik Meltzer stoppa.  

Flagget tek form

I 1821 kom Fredrik Meltzer med eit nytt forslag som kong Karl Johan godkjende. Dette flagget vart Noregs nye flagg.

Raudt, kvitt og blått

Då flagget skulle designast, var det viktig for Fredrik Meltzer at flagget var i fargane til fridommen – raudt, blått og kvitt. Det hadde han sett at Frankrike, USA og Storbritannia brukte.

Å høyre til i Skandinavia

Han ville også ha eit flagg med kors i midten, etter skandinavisk tradisjon. Han meinte at eit raudt flagg med eit kvitt kors ville minne om Danmark, og blåfargen ville vere ei fin helsing til det nye samarbeidet vårt med Sverige.

Frå dansk til norsk

For dei som allereie hadde eit dansk flagg, vart det enkelt å sy på eit blått kors av stoff i midten. I gamledagar laga folk flagga sine sjølv, og derfor var det viktig at det nye flagget var lett å sy. 

Fargar

Mange land likar å bruke raudt, kvitt og blått på flagga sine. Raudt er den fargen som blir mest brukt på flagg. Nesten tre av fire flagg har litt raudfarge i seg! Kvitt og blått er også populære fargar. Lilla farge er ikkje vanleg å bruke på flagg. 

  
Oppgåver:

  • Kvar og når fekk Noreg si eiga grunnlov?
  • Kva feirar vi i Noreg på 17.mai?
  • Kven foreslo det norske flagget som vart valt i 1821?
  • Kva land inspirerte Melzer i utviklinga av det norske flagget?
  • Kvifor var det viktig for Fredrik Meltzer å inkludere eit kors i designet til flagget?  
  • Korleis kunne folk gjere om det danske flagget til å bli norsk?
  • Kva farge er mest brukt på flagg rundt om i verda?
  • Kvifor trur du det var viktig for Noreg å ha sitt eige flagg?
  • Fargelegg flagget.

Samanlikn storleiken på dei ulike nordiske flagga

  • Kva form har desse flagga?
  • Tel og teikn desse flagga på ruteark. Fargelegg dei.
  • Lag flagga i Minecraft.
  
  
 1.–2. trinn

Eit flagg blir til 

Bilete: Shutterstock

I 1814 fekk Noreg grunnlova si. 
Vi har fest på 17. mai.  
Det er Noregs bursdag. 
Noreg ville ha eige flagg.  
Det er raudt, kvitt og blått. 
 
Den svenske kongen likte flagget og sa ja! 

Desse fargane blir mest brukte på flagg. 
Lilla blir nesten ikkje brukt.  

Oppgåve

Fargelegg det norske flagget. 

Løysing

  1. Kvar og når fekk Noreg si eiga grunnlov? 
    Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814 på Eidsvoll.
  2. Kva feirar vi i Noreg på 17.mai? 
    På 17. mai feirar vi at vi fekk sjølvstende og eiga grunnlov.
  3. Kven foreslo det norske flagget som vart valt i 1821?  
    Det var Fredrik Meltzer som foreslo det nye flagget. I ettertid har det komme fram at det kan ha vore den 10 år gamle sonen hans, Gerhard, som teikna utkastet.
  4. Kva land inspirerte Melzers i utviklinga av det norske flagget? 
    Det var fleire land som inspirerte Melzer i form og farge. Særleg Frankrike, USA og Storbritannia gav han fargane raudt, kvitt og blått. Men også Danmark og Sverige var med på å forme utsjånaden til det norske flagget.  
  5. Kvifor var det viktig for Fredrik Meltzer å inkludere eit kors i designet til flagget? 
    Meltzer inkluderte eit kors slik at vi ville minnast åra som dansk. I tillegg tenkte han miljøvennleg og foreslo at dei som allereie hadde eit dansk flagg berre kunne sy på eit blått kors. 
  6. Kven måtte gi godkjenninga si før det nye norske flagget kunne brukast? 
    Det norske flagget vart først valt ut av det norske stortinget før det måtte godkjennast av den svenske kongen Karl Johan.  
  7. Korleis kunne folk gjere om det danske flagget til å bli norsk?  
    Det danske flagget kunne gjerast om ved å sy på eit blått kors.  
  8. Kva farge er mest brukt på flagg rundt om i verda?  
    Den fargen som er mest brukt i verda på flagg, er raudt.  
  9. Kvifor trur du det var viktig for Noreg å ha sitt eige flagg? 
    Noreg hadde i mange år vore i union og underlagt eit anna land sine reglar og styre. Noreg ville frigjere seg fullstendig, og eit flagg er eit viktig symbol på sjølvstende.  
  10. Teikn flagget rett på eit eige ruteark.  
    Det norske flagget er i ein bestemd storleik. Vassrett 6, 1, 2, 1, 12 Loddrett 6, 1, 2, 1 ,6 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3 juli 2024, 05:50 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.