Velkommen til eit læringsopplegg om språk

I denne månaden kan elevane få gjennomføre små forskingsprosjekt som utforskar fråvær av vokalar, dei kan undersøkje kvifor nokre bøker blir favorittar, og teste ut korleis dei lærer nytt materiale best. Gjennom praktiske eksperiment og artiklar vil vi saman finne ut kva som kan optimalisere læring.

Lykke til! 
Helsing oss i Nysgjerrigper

Tips til fleire undersøkingar elevane kan gjere 

Sjå på «nyord». Kvart år blir det laget nye ord.

Finn fem nye ord hos Språkrådet og sjå på dei.

  • Kva trur du er grunnen til at det kjem nye ord?
  • Har du forslag til nokon nye ord som burde vore på lista? 

Noko som ord og uttrykk var vanleg før, men blir sjeldan i dag brukt? 

Det finst fleire ord som ikkje lengre blir brukte i det daglege språket vårt. Gemal og stovejente er døme på slike ord. Vi kan heller ikkje betale med ein skilling lengre og det er svært få som kjøper ei sneis egg.

Undersøk om det finst ord og uttrykk som foreldra eller besteforeldra dine seier, som du overhovud ikkje bruker. Lag ei liste over dei kulaste gamle orda de finn.

Bilete hjelper oss med å forstå historier betre.

Undersøking: Elevane kan lese historier med og utan bilete og diskutere kva som fungerer best for dei og om det er mogleg å ha bilete til alle ulike historier!

Det finst norske ord som ALLE bruker kvar dag når dei snakkar!

Undersøking: La elevane skrive ned ord dei bruker ofte og lag ei oversikt for å sjå kva ord som blir mest brukte. Finst det ein topp 10 liste over norske ord? 

Tema frå Nysgjerrigper 2024

I løpet av året planlegg vi å sende ut jamlege nyheitsbrev med inspirasjon til undervisning. Temaa blir:

Meld deg på nyheitsbrev

Meldinger ved utskriftstidspunkt 1 september 2024, 07:09 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.