Kvifor blir vi glade av songar?

Mange vert i godt humør av musikk. Er du litt nedfor ein dag, kan det hjelpa med ein song. Song og musikk kan få oss til å smila og le, hoppa og dansa. Men kvifor vert me eigenleg glade av song?

Bilde av et barn med hodetelefoner som hører på musikk, og et publikum som står foran en scene.
Bilete: Unsplash

Dette lurer vi på

Kvifor blir vi glade av songar?

2. trinn ved Storevarden skule lurer på mykje. Då dei skulle ha eit Nysgjerrigper-prosjekt, lurte dei fleste på kvifor dei blir glade av songar. Mange meinte at dei blir i godt humør av musikk og at det kan hjelpe å lytte til ein song viss ein er litt nedfor. Song og musikk kan få oss på Storevarden til å smile, le, hoppe og danse. Men kvifor blir vi eigentleg glade av song?

Kvifor er det slik?

Lag hypotesar 

Basert på tankane og opplevingane sine, formulerte elevane følgjande hypotesar for å undersøkje kvifor song gjer dei glade:

  • Eg trur vi er vande til det frå vi er små. 
  • Eg kjenner meg lykkeleg fordi eg likar melodi og tekst i songar.
  • Eg trur det kanskje er fordi folk likar best songar dei er vande til. 
  • Eg trur det er fordi vi lyttar til songen, og han er så fin at vi dansar. 
  • Det kan vere fordi songar roar oss ned.
  • Det kan vere fordi vi blir glade når vi høyrer ein glad song. 

Legg ein plan

Songgruppar og spørjeskjema

Elevane på 2. trinn var så heldige at fedrane til to av elevane i klassen driv med musikk på fritida. Ein annan elev har ein onkel som også jobbar i musikkbransjen. Dei bestemte seg for å intervjue desse familiemedlemmane og andre elevar om musikkerfaringane deira.

I tillegg ville klassen engasjere seg i lokalsamfunnet ved å sende songgrupper til ein barnehage og eit eldresenter. Der skulle dei syngje for høvesvis barna og dei eldre. Ei observatørgruppe var med for å sjå på kroppsspråket og ansiktsuttrykka til tilhøyrarane og notere reaksjonane deira på songane. Notata skulle inkludere om tilhøyrarane smilte eller lo, om nokon gret eller om nokon kjende trongen til å byrje å danse. 

Test hypotesane 

Intervju og observasjon

Elevane intervjua to fedrar og ein onkel i musikkbransjen. I tillegg laga elevane eit spørjeskjema som vart sendt heim til alle føresette. Same skjema vart også svart på av elevane på 1. og 7. trinn. I tillegg besøkte 2. trinn eit bu- og velferdssenter og ein barnehage for å observere korleis musikk påverka bebuarane og barna der.

Dette har me funne ut 

Elevane gjekk gjennom alle spørjeskjemaa og studerte nøye observasjonsskjemaa og intervjua dei hadde gjort. Dei fann ut at dei aller fleste vart glade av å høyre på song. Mange sa at dei blir glade av å høyre på songar dei er vant til og har minne frå.

Songgruppene og observatørane besøkte Tananger bu- og velferdssenter (Tabo) og Havnealleen barnehage. Både barn og vaksne smilte og lo då dei høyrde songane. Nokon song med og nokon byrja til og med å danse!

Alle hypotesane dei hadde sett opp i prosjektet viste seg å stemme heilt eller delvis. 

  • Eg trur vi er vande til det frå vi er små: stemmer 
  • Eg liker songar: stemmer
  • Eg trur kanskje folk liker best songar dei er vande til: stemmer 
  • Eg trur det er fordi vi lyttar til songen og han er så fin at vi dansar: stemmer delvis 
  • Det er fordi songar roar oss ned: stemmer
  • Det er fordi vi blir glade når vi høyrer ein glad song: stemmer 

Del med andre

Elevane laga ein Powerpoint-presentasjon som vart delt med alle foreldra. Dei sende også inn forskinga si til Nysgjerrigper. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 desember 2024, 04:31 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.