Lærarrettleiing trinn 6

Det er viktig at forskarar fortel andre om forskinga si. Igjen får elevane medverke i prosessen: dei skal velje korleis dei skal presentere forskinga si.  

Gå direkte til:

Nysgjerrigpertorg

Forskingsplakat 

Forskingsrapport

Nysgjerrigpertorg

På eit Nysgjerrigpertorg går fagleg og sosial læring hand i hand. Elevane får både høve til å formidle eiga forsking og bli kjent med forskinga som andre har gjort. Dette er ei felles oppleving der samarbeid og elevmedverknad er i fokus. Eit Nysgjerrigpertorg kan gjennomførast for heile skulen, på trinnet eller internt i ein klasse. 

Mål for elevane i arbeidet med Nysgjerrigpertorg: 
- Eg kan presentere forsking i samarbeid med andre. 
- Eg kan vere eit godt publikum og bli kjend med forskinga til andre. 

Organisering av Nysgjerrigpertorg 
Det er vanleg å bruke ein time på gjennomføringa av eit Nysgjerrigpertorg. I løpet av denne tida skal elevane både formidle sjølv og vere publikum for andre.

Dette kan ein organisere ved at elevgruppa blir delt i tre. Ei raud, ei blå og ei gul gruppe. Fargegruppene presenterer i 20 minutt og er publikum i 40 minutt.  

Trykk her for å laste ned ein redigerbar tidsplan.

Internt i fargegruppa er det lurt å dele elevane i toargrupper for å sikre at alle har nokon å gå saman med rundt på Nysgjerrigpertorget. Saman har dei to ein billett som viser kva fargegruppe dei tilhøyrer. Billetten gir også oversikt over alle problemstillingane som blir presenterte på Nysgjerrigpertorget.  

Trykk her for å laste ned redigerbare billettar.  

Om Nysgjerrigpertorget blir gjennomført for heile skulen kan det vere nyttig at kvar av elevgruppene presenterer på eige område, til dømes i klasserommet. På denne måten blir elevane betre kjende med heile skulen utan at det blir for mange elevar samla på ein stad. Det er viktig at det er lærarar til stades på alle områda for å hjelpe elevane med gjennomføringa. 

Elevane presenterer eiga forsking

Når elevane presenterer eiga forsking bør dei ha med problemstillinga si, hypotesane, undersøkingar elevane har gjort og kva dei fann ut. 
Elevane bør få medverke til korleis dei presenterer forskinga. Her er nokre idear som du kan dele med elevane.

  • Noko av materiellet som er brukt i forskinga ligg framme
  • Del bilete/film av noko elevane har gjort
  • Publikum kan få svare på nokre spørsmål som er stilte i løpet av forskinga
  • Publikum kan få prøve eksperiment som har vorte gjorde
  • Forskingsplakat  
  • Tipsplakat 

Nysgjerrigperkonkurranse 
De kan ha ein konkurranse knytt til Nysgjerrigpertorget. Dette kan vere ei fin felles oppleving som er motiverande og spennande for mange elevar. Elevrådet, FAU, lærarar og skuleleiing kan bidra inn i juryen. Det er lurt å utvikle nokre enkle kriterium som tek utgangspunkt i Nysgjerrigpermetoden. Desse må bli gjort kjende for elevane.  

Forskingsplakat 

Ein vanleg måte å fortelje om forsking på, er å lage plakatar og presentere dei for andre. Ein forskingsplakat skal fortelje det viktigaste frå prosjektet med tekst, bilete og diagram. Forskingsplakaten skal fungere saman med ein kort munnleg presentasjon. Ein slik plakat kan til dømes vere ein del av eit Nysgjerrigpertorg.

Horskerplakat for Nysgjerrigperhypotese
Her er ein illustrasjon som viser korleis ein forskingsplakat kan byggjast opp.

Forskingsrapport

Forskarar lagar forskingsrapportar for å fortelje om prosjekta sine og dokumentere funna. Det er viktig at dykk finn ut kven som kan ha interesse av forskinga i samspel med elevane. Desse kan vere mottakarar av rapporten.

Forskingsrapporten skal vise samanhengen mellom problemstillinga, hypotesane, undersøkingane og kva elevane har funne ut. Korleis elevane jobbar med rapporten er avhengig av alderen og modnaden, skrivedugleiken og talet på elevar som har vore med på prosjektet. 

Vi tilrår at elevane strukturerer rapporten etter trinna i Nysgjerrigpermetoden. Nedanfor finn de forslag til kva som kan vere med i rapporten knytt til kvart trinn. 

1. Dette lurer vi på 
Kva er problemstillinga, og kvifor valde de akkurat denne? Kva er det ved dette temaet som interesserer dykk, og kvifor synest de det er viktig å forske på dette? 

2. Lag hypotesar 
Kva hypotesar har dykk? Kvifor valde de akkurat desse hypotesane?

3. Legg ein plan 
Kva planla  de å gjere for å teste kvar enkelt hypotese, og kvifor? Korleis ville  de organisere arbeidet? 

4. Test hypotesane 
Beskriv gjennomføringa av testinga. Kva vart gjort? Gjekk alt som planlagt? Få også med det som gjekk gale. Kva gjorde de med opplysningane de fekk inn? Sørg for å få med resultata i rapporten. Ta med både spørjeskjema og svar, tabellar, e-postar og anna som viser kva de har gjort og funne. 

5. Drøft og samanfatt 
Reflekter over kva de har funne ut. Ta først for dykk kvar enkelt hypotese og skriv og diskuter om resultata styrkjer eller svekkjer hypotesen. Hugs sjølvkritikk, kjeldekritikk og feilkjelder – kan de stole på det de har funne ut? Korleis tolkar de resultata samla? Kan de gi ein konklusjon på problemstillinga? Korleis kan resultata vere nyttige for andre?  

6. Del med andre 
Kva var det dykk fann ut som kan vere interessant for andre å høyre om? Kven vil de fortelje om forskinga, og korleis? Er det noko her dykk eller andre kan forske vidare på? Kva fungerte bra i prosjektet, og kva ville de ha gjort annleis? 

Tilbake

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26 november 2024, 10:29 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.