Korleis skal de fortelje andre om forskinga?

De er nesten i mål!

Vitskap er eit stort samarbeidsprosjekt der alt forskarar finn ut, må kunne lesast, blir testa og blir forska vidare på av andre. Derfor er det viktig at de ikkje berre fortelje andre kva dei har funne ut, men også korleis de fann det ut. 

Nokon måtar å fortelje om forskinga dykkar til andre: 

  • arranger eit Nysgjerrigper-torg på skulen

  • skriv einforskningsrapport
  • lage forskningsplakater
  • lage ei liste med råd som de kan publisere eller hengje opp ein stad der mange ser  
  • gå rundt i andre klassar og fortelj om det de har funne ut
  • ha i lekse å fortelje det til nokon heime 
  • lag podkast
  • lag ein video
  • ringe til ei avis - kanskje dei vil skrive om dykk i avisa?
  • send e-post til nokon som kan ha nytte av resultata 
Forskermesse
Elevar på Bekkestua skule har laga ein stand som forklarer korleis dei forska på kvifor ull er varmare enn bomull. Det er lettare å forklare og forstå viss ein får ta på ting, lukte, smake eller prøve sjølv. Har de brukt måleutstyr, kan de vise det fram og forklare korleis det verkar. Har de forska på mat, kan de lage smaksprøver. Har de gjort eit eksperiment, kan det gjentakast på stand.

TilbakeNeste

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26 november 2024, 03:47 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.