Feilkjelder

Kan de stole på forskinga dykkar? Feilkjelder kan oppstå når som helst i forskingsprosessen. Vi kan finne forskingsfeil i planlegginga, i innsamlinga av data og i oppsummeringa. Ikkje ver redd for å påpeike dette. Det er ein styrke å vise at de reflekterer over eventuelle svakheiter ved eiga forsking. 

Forslag til spørsmål de kan diskutere:  

  • Er det noko som kan ha påverka resultata? 
  • Kan nokon ha misforstått spørsmåla? 
  • Kan nokon av målingane ha blitt feil? 
  • Kan vi stole på opplysningane vi har fått frå kjeldene våre? 
  • Var vi nøyaktige nok under innsamlinga eller registreringa? 
  • Kan vi tenkje oss andre moglege feilkjelder, til dømes når det gjeld utstyr? 

Tips: Presenter resultata for andre elevar som ikkje har vore med på undersøkinga og gi dei i oppgåve å vere kritiske til resultata. 

Utdrag frå rapporten til elevar som forska på kvifor knekkebrød blir mjuke i matboksen:

Feilkjelder: 

  • Vi gløymde å føre opp aluminiumsfolien. Då vi oppdaga det hadde vi gøymt kva plass han fekk. 
  • Vi gløymde å teste matboksar av plast med og utan hol slik vi hadde planlagt. 
  • Vi la fårepølser på alle knekkebrøda, men vi la det på "boblesida" på nokon og på den flate sida på nokon. Derfor blei det ikkje rett når vi skulle gjere trykkjetesten. Vi har bestemt oss for å gjere alt ein gong til.
TilbakeNeste

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5 juli 2024, 03:18 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.