Test hypotesane
Illustrasjonen visar kva de skal gjera på trinn 4 i nysgjerrigpermetoden.
No skal de endeleg gjennomføre undersøkingane de har planlagt. Når de samlar inn data må de skjerpe sansane og prøve å leggje merke til kva de ser, høyrer, luktar, kjenner og smaker – alt etter kva det er de skal undersøkje.
Lene, Peder, Hedda og Jens frå Storevarden skule forska på kvifor vi snakkar med lys stemme til små barn og søte dyr. Her er dei på Peders gard i Tananger og samlar inn data. Reagerer høna annleis på lyse enn mørke stemmer? Foto: Åshild Skadberg/NTB