Registrere og dokumentere
Eit viktig prinsipp i forsking er å beskrive undersøkingane så nøyaktig at andre kan gjere akkurat det same på nytt.
Pass på å skrive ned det de gjer og ta gjerne bilete! Hugs også å få med det som ikkje gjekk etter planen. Leit etter feilkjelder før, under og etter undersøkingane.
Elevane på Haukås skule forskar på “Korleis få ein duplomann til å sveve best mogleg?”. Dei samlar data om duplomenn med ulike typar fallskjermar. Nokon gjer forsøket og andre observerer og noterer.