Lærarrettleiing trinn 4

På dette trinnet skal elevane trekkje slutningar, vurdere feilkjelder og lage forklaringar basert på dataa dei har samla. 

Dokumentere arbeidet

Eit viktig prinsipp i forsking er å forklare alt ein har gjort for å komme fram til noko, slik at andre kan vurdere om dei vil stole på informasjonen eller ikkje. Å dokumentere undervegs er nyttig viss elevane skal lage ein forskingsrapport eller ein forskingsplakat. 

Elevane bør dokumentere dataa dei samlar inn, til dømes kva svar dei får i eit intervju. Dei bør også forklare korleis undersøkinga gjekk føre seg, kor mange som svarte på ei spørjeundersøking, korleis dei blei valde ut og om dei svarte anonymt eller ikkje. 

Det er sjeldan alt går som planlagt. Notér også det som går gale og kva som kan vere moglege feilkjelder. 

Viss elevane til dømes utfører ein smakstest på ulike drikker, kan dette vere viktig å dokumentere:  

  • Korleis valde elevane forsøkspersonar? 
  • Kva spørsmål fekk forsøkspersonane? 
  • Fekk dei vite kva smakar dei skulle teste? 
  • Fekk dei bind for auga? 
  • Hadde drikkene same farge? 
  • Korleis blei resultata registrerte? 

Rydde i dataa 

På neste trinn i Nysgjerrigpermetoden skal elevane vurdere opplysningane de har samla inn, opp mot hypotesane og problemstillinga. Då er det fint å ha rydda i dataa slik at de får oversikt over kva de eigentleg har funne ut. Korleis de gjer dette, avheng av kva slags data de har samla inn, og hypotesane de vil teste. 

Kvantitative data (tal og målingar) Kvalitative data

Viss elevane har samla inn opplysningar som let seg talfeste, er det lurt å lage tabellar eller diagram for å få oversikt. Lagar de spørjeundersøkingar, kan de få ganske mange svar som de må telje opp og registrere. Ikkje undervurder tida det tar å rydde i slike data.

Kvalitative data

Nokre undersøkingar går i djupna og gir mykje informasjon som ikkje kan talfestast. Elevane kan samle, sortere og strukturere dataa til dømes med post-it-lappar med fargekodar, på tankekart, i loggar eller på andre måtar. 

TilbakeNeste

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25 november 2024, 14:51 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.