Dei vanlegaste undersøkingane i eit Nysgjerrigperprosjekt
- Observasjon
- Eksperiment
- Kontakt ein ekspert
- Spørjeundersøking
Kva passar i forskingsprosjekta deira?
Treng de å grave meir i temaet? I så fall kan de planleggje at nokre elevar set seg meir inn i det faglege og teiknar eller skriv ein tekst om det.
Klasse 5C ved Eidsmarka skule forska på kvifor maten veks i munnen. Dei fann ut at dei trong å vite meir om tunga og planla at ei gruppe elevar skulle leite på nettet, gå på biblioteket og lage ei oversikt over det dei fann ut.