Lærarrettleiing trinn 3

Det er fleire måtar å teste hypotesar på. Intervju, spørjeskjema, observasjon, forsøk og informasjonssøk er undersøkingar som ofte blir brukte i eit Nysgjerrigper-prosjekt. Mange reiser på ekskursjonar for å finne ut meir, eller spør forskarar og andre fagfolk. 

Bruk tid saman med elevane til å tenkje gjennom kva type informasjon de treng og kva undersøkingar som eignar seg best. 

Nyttige førebuingar

Før elevane skal ut i felt og utføre eksperiment, telje, måle, fotografere, observere, snakke med andre, spørje og grave, kan det vere nyttig å trene litt i forkant. 

  • Skal elevane gjere forsøk eller eksperiment? Gå gjennom dei ulike faktorane som kan påverke forsøket, slik som utstyr og måleteknikkar.
  • Skal elevane ringje til nokon?Øv på å gjennomføre ein telefonsamtale, til dømes det å presentere seg og å forklare kva ein vil. 
  • Skal elevane intervjue nokon?Øv på å intervjue kvarandre. Ta ein ekstra sjekk av opptaksutstyr eller øv på å notere frå eit intervju. 
  • Skal elevane sende brev eller e-post?Lær korleis ein skriv slike førespurnader, formelle eller uformelle. 
  • Skal elevane observere?Lag observasjonsskjema og tren på å bruke det. 

TilbakeNeste

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25 november 2024, 05:59 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.