Lærarrettleiing trinn 2

Kva trur elevane kan vere moglege svar på problemstillinga? Desse forslaga til svar eller forklaringar blir kalla hypotesar, og det er dei elevane skal teste vidare ved hjelp av vitskapleg metode.  

Det er som regel fleire moglege hypotesar til ei problemstilling. Foreslå gjerne mange hypotesar, men bli einige om nokre få de har tru på. Vidare i prosjektet skal de prøve å stadfeste eller avkrefte hypotesane, altså finne ut kor sannsynleg det er at dei stemmer. Det er hypotesane som styrer arbeidet vidare og avgrensar prosjektet.  

Korleis lagar vi hypotesar? 

Først tenkje

Be elevane foreslå forklaringar til problemstillinga. Kva trur dei kan vere svaret? Ver kreative – i denne fasen er ingen svar feil eller dumme. Mange elevar er opptatte av å svare rett. Her er det viktig å få elevane til å forstå at dette ikkje er ein gjettekonkurranse der det er om å gjere å ha rett, men eit samarbeid om å finne gode, moglege forklaringar som de kan utforske nærare i fellesskap. 

Så diskutere

Hypotesane kan de enten jobbe med i plenum eller gjere som ei skriftleg øving først. De bør uansett diskutere hypotesane munnleg i plenum før de bestemmer kva de skal bruke. Det kjem ofte opp fleire og betre hypotesar når de snakkar om dei. 

Til slutt formulere

Formuler hypotesane som heile setningar. Be elevane fullføre setninga "Eg trur det er fordi …". 

Døme: Kvifor byrja menneska å snakke om troll? 

  1. Eg trur det var fordi menneska høyrde brak og skumle lydar i skogen og i fjella. 
  2. Eg trur det var fordi menneska såg steinar og tre i skogen som dei syntest såg ut som levande vesen. 
  3. Eg trur det var fordi dei ville skremme barna sine. 
  4. Eg trur det var fordi menneska ville gjere eventyra meir spennande og morosame. 

Tips: La elevane teikne hypotesane

Det kan vere lurt å la elevane teikne den hypotesen dei trur mest på. På den måten får alle tid til å tenkje mens dei teiknar. Dette er fint for dei yngre barna som ikkje er så gode til å skrive, men også for eldre barn for å få hypotesane meir "under huda". Teikningane viser til saman kva hypotesar elevgruppa trur kan forklare forskingsspørsmålet. 

Tips: La elevane jobbe i grupper

Elevane kan leggje fram eigne tankar eller teikningar i ei gruppe og diskutere seg fram til tre til fire hypotesar som gruppa går for. Dei kan så presentere tankane i gruppa i plenum. Her er det duka for mange fine diskusjonar! Vidare kan eit lite utval av elevar få vere hypoteseekspertar og samanfatte alle gruppene sine hypotesar. Utvalet skal også komme med forslag til eit knippe hypotesar klassen skal sjekke. Klassen skal så ta stilling til forslaget i hypotesegruppa.

Talet på hypotesar 

Det greiaste er å jobbe vidare med to til fire hypotesar. Viss elevane har veldig mange hypotesar, må develje ut nokon. Vel dei hypotesane elevane har mest tru på. Kanskje nokon erlitt like og kan slåast saman til éin?  

TilbakeNeste

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24 november 2024, 18:33 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.