Lærarrettleiing trinn 1

Barn stiller ofte gode spørsmål. Mykje av forskingsprosessen handlar nettopp om å finne gode spørsmål som kan gi oss ny kunnskap når vi prøver å finne svara på dei

Barn motiverer barn

Bruk litt tid på å la elevane setje seg inn i kva forsking er før de startar på eit eige forskingsprosjekt. I ressursen kan elevane høyre andre barn fortelje om forskingsprosjekta sine og sjå på andre sine forskingsprosjekt. 

Korleis finne forskningsspørsmål?

Det er fleire måtar å gå fram på for å finne ei problemstilling å forske på. Aller først handlar det om å undre seg. Sett av god tid til undringsfasen, gjerne ein undervisningstime i veka, over fleire veker. Eit godt tips er å lage ei Nysgjerrigper-postkasse (for eksempel av ein tom kopipapir-boks) som de «postar» spørsmål i. La boksen stå i klasserommet ein dag, ei veke, ein månad eller heile skoleåret. 

«Kva er krit laga av? Kva er det minste som finst?» lurer ein elev på 1. trinn på.

Tenke sjølv, snakke saman, dele i plenum

Metoden IGP (Individuelt, gruppe, plenum)  kan vere fin å bruke for å involvere alle elevane og for å gi elevane rom til å tenkje sjølv og til å diskutere med andre.

Her er fleire tips i jakta på ei problemstilling: 

  • Ha ein undringstime der elevane skriv spørsmål på lappar og postar i postkassen.  
    I denne fasen treng klassen massevis av spørsmål, og treng ikkje å vurdere om spørsmålet er fint å forske på eller ei. Dei skal berre finne undringar. 
  • Bli einige om eit tema (til dømes sansane, energi, språk eller plantar) som de finn forskingsspørsmål til.  
  • Notér spørsmål som spontant dukkar opp i skolekvardagen – spørsmål som du ikkje omgåande kan svare på sjølv. Kanskje dukkar det opp problemstillingar når de går tur, når de er på besøk ein stad eller når de diskuterer noko i ein time:
    - Kvifor samlar skogmaur kvae på tua?
    - Kvifor er det så stygg veg forbi skolen vår?
    - Kvifor blir tyggisen hard? 

  • Gå på undringsjakt på skolen. Før jakta gjer de ein avtale om kvar barna kan få gå å leite etter spørsmål. Gjer elevane merksame på tilliten du gir dei ved å la dei få gå på undringsjakt. Avtal ei tidsramme med elevane – til dømes 20 eller 30 minutt. Elevane går i grupper og har med seg ein bunke med små lappar. Be dei leite etter noko dei synest er rart, noko dei ikkje skjønnar - noko dei lurer på. Undringsjaktene kan også gjerast som leksearbeid.

Undringsjakt

Lag ein undringsvegg på skolen

La alle elevane teikne eller måle ei av problemstillingane han har samla. Dei kan bli flott undringsvegg som er fin for andre å sjå nærare på. 

Bilde av en undringsvegg

Vel spørsmål som eignar seg å forske på

Når de har samla mange spørsmål, må du åleine eller saman med elevane sortere ut kva problemstillingar som eignar seg å forske på. Sjølv om alle spørsmåla er fine, er det lurt å velje ut to til fire problemstillingar som verkar gode å forske på.  

Forundersøkelser

Gjer forundersøkingar til spørsmål de vurderer å bruke som problemstilling. Slik oppdagar de raskt kva spørsmål som eignar seg å forske på. I forundersøkinga kan de vurdere kor lett det er å lage hypotesar til problemstillinga og kva undersøkingar som kan vere aktuelle. 

Forskarboka

Allereie på trinn 1 er det lurt å samle på notata til elevane, slik at det blir mogleg å fortelje om forskningsprosesen til slutt. Forskarboka er eit hefte som kan hjelpe elevane med å notere undervegs i prosessen. Heftet kan skrivast i for hand, eller digitalt. Forskarboka er i seks delar, eller trinn, akkurat som Nysgjerrigpermetoden. Viss elevane tek grundige notat på sidene, får dei til slutt ein miniforskingsrapport. 

Forskarboka for skjerm
Forskarboka for utskrift

TilbakeNeste

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24 november 2024, 13:14 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.