Lærerintro

Nysgjerrigpermetoden er ein utforskande læringsmetode for grunnskolen. Metoden er ei forenkla utgåve av hypotetisk-deduktiv metode, som har vore brukt for å finne ny kunnskap i fleire hundre år. Nysgjerrigpermetoden kan brukast i alle fag og på alle trinn. 

Ei oppskrift på å forske

Nysgjerrigpermetoden har seks trinn og kan gjerne kallast "ei oppskrift på å forske". Trinna gir støtte og struktur for lærar og elevar i utforskinga. 

Kort om dei seks trinna

Elevane skal sjølv finne ei problemstilling som dei formulerer hypotesar til. I fellesskap skal dei planleggje og gjennomføre undersøkingar for å samle inn data og teste hypotesane. Resultata blir vurderte, og elevane drøftar så kor sannsynleg det er at hypotesane stemmer og om dei har funne svar på problemstillinga dei starta med.  Til slutt deler dei forskinga si med andre.

Miniforskingsrapport

Når elevane forskar er det avgjerande at dei tek notat. Forskarboka er eit hefte som kan hjelpe elevane med å notere undervegs i forskingsprosessen. Heftet kan skrivast i for hand, eller digitalt. Forskarboka er i seks delar, eller trinn, akkurat som Nysgjerrigpermetoden. Viss elevane tek grundige notat på sidene, får dei ein miniforskingsrapport.

Forskarboka for skjerm
Forskarboka for utskrift

Ei eller fleire problemstillingar?

Det finst ingen fasitsvar, men ulike organiseringsmåtar har sine fordelar og utfordringar. 

Dersom du og klassen ikkje har brukt Nysgjerrigpermetoden før, tilrår vi at de byrjar med ei felles problemstilling. Det gir deg meir kontroll og større oversikt over prosessen. I tillegg gir det ei kjensle av fellesskap, noko som er positivt for klassemiljøet.  

Ei felles problemstilling

Det er fleire måtar å jobbe med ei felles problemstilling på. De kan jobbe i plenum heile vegen, men det vanlegaste er å la ulike grupper få ansvaret for kvar sine delar av prosjektet. Gruppene kan til dømes følgje opp kvar sin hypotese, og få ansvar for å planleggje og teste hypotesen. De kan også sjå på kva oppgåver som finst i prosjektet og la elevane søkje på jobbar, som intervju, rapportskrivar, illustratør, observatør, eller dei som gjennomfører ein spørjeundersøkingar eller eit forsøk – alt etter kva prosjektet treng. 

Undervegs har de felles møte der de oppdaterer kvarandre på kva som er gjorde, og blir einige om vegen vidare. Då jobbar de mot eit felles mål – å finne svar på problemstillinga – og alle får oppgåver som er viktige for heilskapen. 

Fleire parallelle problemstillingar

Fordelen med å la elevane forske i grupper med kvar si problemstilling, er at fleire får forska på sitt eige spørsmål. Det kan gi dei større eigarskap til prosjektet ettersom kvar gruppe får ansvar for heile prosessen, ikkje berre delar av han.  

Når klassen jobbar med fleire parallelle problemstillingar, bør både problemstillingane og hypotesane vere enklare. Det er krevjande for læraren å følgje opp fleire prosjekt samtidig, og elevane må ta større ansvar for å drive prosjektet på eiga hand. Denne måten å jobbe på, passar best for eldre elevar og for lærarar og elevar som har erfaring med metoden. Forskarboka er eit godt verktøy for elevar som skal forske meir sjølvstendig. 

Rolla di som lærar

Elevane si eiga nysgjerrigheit skal vere drivkrafta i eit Nysgjerrigper-prosjekt. Rolla til læraren er å vere rettleiar. Kor mykje du skal styre arbeidet, kjem an på alderen til elevane, kor godt gruppa fungerer saman og kva erfaring elevane har med metoden. Våg å velje ei problemstilling du ikkje veit svaret på sjølv. Då er du ofte ein betre rettleiar! 

Rekkjefølgja på trinna i metoden

Dei seks trinna i Nysgjerrigpermetoden er sett opp kronologisk, men det er ikkje sikkert de gjer trinna i kronologisk rekkjefølgje gjennom heile prosjektet. Trinn 1 kjem alltid først og trinn 6 alltid sist, men trinn 2–5 kan de kanskje måtte gjenta eller hoppe litt fram og tilbake mellom, i løpet av prosjektet.  

Undervegs kan det hende at de følgjer andre spor enn de planla i utgangspunktet. Då må de kanskje gå heilt tilbake til trinn 1 og forandre problemstillinga. Det same kan skje dersom de kjem over interessante funn som forandrar karakteren for prosjektet. Det er absolutt lov – det er sånn ekte forskarar jobbar også!  

Få elevane på forskarfrekvens

Før de startar på eit eige prosjekt kan det vere lurt å øve på Nysgjerrigpermetoden med nokre eksperimenter eller forskersprinter som de kan gjennomføre i løpet av ein skuletime.   

I Undrelaboratoriet får elevane jobbe med ei ferdig problemstilling og øve på ulike element frå Nysgjerrigpermetoden over fleire undervisningstimar. Både elev og lærar får mykje støtte og struktur i det utforskande arbeidet i Undrelaboratoriet. Sjå til dømes undervisningsopplegget Hvordan forske selv? , som passar spesielt godt å jobbe med som forarbeid til eit eige nysgjerrigperprosjekt.

Forståing for korleis kunnskap blir til

Med Nysgjerrigpermetoden ønskjer vi at elevane skal få innblikk i grunnleggjande trekk ved vitskap og få jobbe kreativt og vitskapleg i samarbeid med andre. 

Nysgjerrigpermetoden handlar om å bli merksam på korleis vi skaffar oss ny kunnskap og kor etablert kunnskap kjem frå. Dette er fagovergripande kompetanse som ikkje blir utdatert. 

I eit vitskapleg prosjektarbeid sluttar dei faglege grensene å fungere som normalt – det må jobbast tverrfagleg. Konkrete problemstillingar frå verkelegheita rundt oss vil normalt ikkje føye seg inn i berre eitt avgrensa fagfelt. Dei krev også at vi tar i bruk grunnleggjande ferdigheiter. 

I opplæringa skal elevane få rikeleg høve til å utvikle engasjement og utforskartrong. Evna til å stille spørsmål, utforske og eksperimentere, er viktig for djupnelæring. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 januar 2025, 06:49 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.