Sukkermaur har innedo

La elevane bli kjende med den fascinerande verda til insekta og la dei utforske eit tema som garantert vil vekkje nysgjerrigheit! Utforsk toalettvanane til mauren og andre spennande måtar insekt kvittar seg med avfallet sitt på. 

En stor maur og mange små maur mot hvit bakgrunn

Fleip eller fakta om insekt 

For at elevane skal bli motiverte for lesing, må teksten bety noko for dei. Vi må finne eit grep for å setje søkjelys på artikkelen. Det held ikkje berre å seie "Les på side fire", vi må gi elevane lyst til å nærme seg stoffet.  
  
Ein måte å aktualisere teksten på, er å bruke fleip-eller-fakta-lesing. Før elevane får teksten, skal læraren lese opp nokre utsegn der svara er moglege å finne i teksten.  

Til dømes: "Bladskjerarmaur har eigne hagar der dei dyrkar sopp."  
Be elevane stå på golvet og vurdere påstandane. Om dei trur dette er fakta, skal dei setje seg på pulten sin. Om dei trur det er fleip, set dei seg ned på golvet. Poenget er at ingen skal seie noko eller kommentere dei andre, dette er ein test dei skal gjennomføre kvar for seg.  

Når læraren har lese opp alle påstandane og elevane har gjetta om det er fleip eller fakta, får elevane setningane delt ut og beskjed om å finne svara i teksten. Kva hadde dei rett?  

Påstandar:  

a. Bladskjerarmaur har eigne hagar der dei dyrkar sopp. (fakta)  

b. Insekt tissar flytande tiss. (fleip)  

c. Termittar byggjer tårn av bæsjen sin. (fakta)  

d. Skrukketroll er eit insekt. (fleip)  

e. Honningbier bæsjar berre inne i bikubane sine. (fleip)

Elevoppgåver  

1. Fleip eller fakta – gjetting

Høyr på påstandane læraren les. Trur du dei stemmer?
  
Fleip: Sett deg på golvet.  
Fakta: Sett deg på pulten. 

2. Detektivlesing  

a. Kvifor er det ikkje vanleg at menneske har doen i opphaldsrom som stova eller kjøkkenet?  

b. Kvifor gav forskarane maurane farga sukkervatn?  

c. Kor mange bein har ein maur? 

3. Fleip eller fakta – sjekk  

Sjekk påstandane du høyrde ved å lese teksten. Skriv om det er fleip eller fakta.  

a. Bladskjerarmaur har eigne hagar der dei dyrkar sopp.  

b. Insekt tissar flytande tiss.  

c. Termittar byggjer tårn av bæsjen sin.  

d. Skrukketroll er eit insekt.  

e. Honningbier bæsjar berre inne i bikubane sine.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 desember 2024, 04:50 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.