Til skuleleder
Gratulerer så mykje med plass på Nysgjerrigperkurs!
Som leiar i skulen er du ei viktig brikke for å lykkast med utforskande metode i skulen, og den viktigaste oppgåva du har er å setje av tid for utvikling i tida til lærarane.
Praktiske detaljar om kurset har vi sendt dykk på e-post. I tillegg har vi samla litt generell informasjon om kursrekkja de har fått plass på, og nokre tips og triks på vegen.
Kva må vi førebu oss på før samlinga?
Det fint om lærarane bruker t.d. 15 minutt på å orientere seg på nysgjerrigper.no. Elles treng de ikkje førebu noko. Merk! Ikkje alle sidene finst på nynorsk endå.
Nysgjerrigper i Årshjulet
Det er lurt å setje av tid til arbeid med Nysgjerrigpermetoden på utviklingstida.
Kva gjer vi etter kurs?
Sett av tid til å dele tankar frå parallellsesjonane og til at lærarane trinnvis får snakke saman om vegen vidare med prosjektet på skulen deira. Hugs at det må vere rom for å prøve og feile, dette er ein endringsprosess for veldig mange, og vi ønskjer ein låg terskel for alle å teste ut denne metoden i undervisninga.
Set ein frist for å samle inn problemstillingar på trinna
Sett av tid på utviklingstida til at lærarane kan sitje trinnvis og sortere problemstillingane i kategoriane “forskbare” og “ikkje forskbare”.
Deretter er det lurt med ei felles samling med ressurslæraren deira. Hen vil då hjelpe lærarane vidare i prosessen, med fokus på organisering av elevgruppene.
Nysgjerrigpertorg
Praktisk informasjon om torget
To veker før Nysgjerrigpertorget bør lærarane få ein e-post med informasjon om kva dei må gjere før torget. Vi sender dykk forslag til e-post som de kan redigere og sende vidare.
Evaluering
Etter torget kjem vi til dykk for ei refleksjons- og evalueringsøkt. Vi tilrår å gjere dette i veka etter torget.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 februar 2025, 11:02 CET