Eit engasjerande klasseopplegg om frø

Her finn du alt du treng for eit engasjerande klasseopplegg om frø! Materiellet finst på bokmål og nynorsk. Vel nynorsk materiell oppe til høgre.
Materiellet består versjonar både på nett og som PDF, slik at de kan velje om de vil skrive ut materiellet eller jobbe på skjerm.

 

Korleis jobbe med materiellet?

Slik kan du gå fram:

  • Vis bilete av frøbanken på Svalbard og fortel elevane at det er her det blir lagra frø frå heile verda. Kvart av deltakarlanda sender inn frø som dei reknar som viktige.
  • Vis elevane film fra frøkvelvet på Facebooksida til Regjeringa.
  • Vis gjerne elevane døme på ulike frø. Du kan kjøpe frø i helsekostforretningar eller bruke ein pose med ulike fuglefrø.
  • Snakk med elevane om kvifor frø blir lagra på Svalbard. Bruk kakaoplanten som døme og fortel at viss alle kakaobønneplantane blir øydelagde, vil det ikkje finnast frø for å plante nye plantar utan lageret på Svalbard.
  • Spør elevane kva dei trur skjer dersom verda blir utan frø frå kakaoplanten.
  • Les lesetekstane og gjer oppgåvene til.
  • Sjekk frø i til dømes tomatar eller paprika. Plukk dei ut og tørk dei i eit kaffifilter.
  • Lag små aluminiumpakkar og putt frøa i, slik det blir gjort til frøkvelvet på Svalbard. På denne måten vil dei hugse at alle frø på Svalbard er lagra i aluminiumar. Bruk aluminiumsfolie du får kjøpt i matbutikken.
  • Vis på kartet der Svalbard er, og la elevane skrive «Frølager» på ein stor papirkonvolutt og "send" pakken med frøposar til lageret. Snakk gjerne om frimerke og porto. 

Fleire ideer til undervisning om frø

 

Frys ned frøa

La elevane fryse ned nokre frø i skolen sine frysarar i nokre dagar. Elevane skal få erfare at frø toler kulde. Bruk desse frøa i seinare forsøk.

Snakk med elevane om kva som skjer med frø når det er vinter. Kvar er frøa då og korleis overlever frø når det er vinter?

Sjå NRK Newtons "Jakta på frøa" (28 min): Visste  du at det største frøet i verda kan vege over 20 kilo? I Noreg ligg frøa i dvale no om vinteren, men det er framleis mogleg å finne dei. Vi skal på jakt etter frø - midt på vinteren! Programleiar: Stian Sandø.

Eksperiment: Hemmelege frø

Lag eit prosjekt med tittelen "Hemmelege frø" etter ein god idé frå Frede Thorsheim ved Universitetet i Bergen.

La ein person/elevgruppe ha ansvaret for årets hemmelege frø, slik at det blir ukjent for alle dei andre kva frø som er valde ut. Elevane vel fire frøtypar som alle blir lagde i anonyme posar som blir merka med A, B, C og D. Elevane som skal delta får utlevert desse fire posane.

  1. Først skal elevane gjette kva dei trur dette er frø frå, og kva dei trur dette skal bli.
  2. Så skal de så frøa, passe på dei og følgje dei opp. Var det nokon som gjetta rett?
  3. Eit anna alternativ kan vere at fire lærarar vel kvar sin frøtype som blir delt med dei andre tre, slik at tre av frøa er hemmelege også for læraren.

Det er spennande å følgje med på det som til slutt sprett fram i vindaugskarmen eller ute i skolegarden!

 

Eventyr om frø: Prinsessen på erta

Les eller sjå eventyret om Prinsessen på erta. Vis elevane korleis eit ertefrø ser ut. Teikn, mal eller lag prinsessa som ligg på ertefrøet med erter, måling, stoff, garn og lim.

Frøet av Inger Hagerup

La elevane lese diktet Frøet av Inger Hagerup. Lag ein presentasjon av dikta. La gjerne elevane bruke digitale hjelpemiddel i dette arbeidet. Diktet blir lese av Ann Maureen Gørlitz-Håkonsen.

Bitte små frø

Syng og lær dykk songen "Bitne små frø" av Svein Gundersen med Eli Rygg og Birgit Strøm

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3 juli 2024, 05:33 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.