Velkommen til alle lærarar

Kjære kollegaer!

Av GRO WOLLEBÆK

Som lærarar har vi eit unikt høve til å forme leiarane, innovatørane og avgjerdstakarane i framtida. Ein viktig del av dette ansvaret er å gi elevane våre den kunnskapen og forståinga dei treng for å møte morgondagens energiutfordringar. Energispørsmål er ei av dei mest utfordrande problemstillingane i verda i dag, og det er viktig at vi gir elevane våre kunnskap om ulike energiformer og kva betydning desse har.

Det å forstå energi, er nøkkelen til å forstå korleis verda fungerer.

Gro Wollebæk

Kunnskap om energi er fundamentet for mange naturvitskaplege prinsipp og teknologiske framsteg. Ved å lære elevane om ulike energiformer, slik som strålingsenergi, rørsleenergi, kjemisk energi, kjerneenergi, varmeenergi og elektrisk energi, gir vi dei moglegheit til å forstå rolla til energien i alt frå grunnleggjande kvardagsfenomen til komplekse vitskaplege prosessar.

I tillegg vil kunnskap om energiovergangar gi elevane innsikt i korleis energi kan overførast og formast om frå éi form til ei anna. Dette er viktig for å forstå energieffektivitet og korleis vi kan få til så god energibruk som mogleg og  ei berekraftig framtid.

Når vi snakkar om energi, kan vi ikkje unngå å undervise om både fornybar og ikkje-fornybar energi. Samfunnet vårt står overfor store utfordringar knytte til klimaendringar og avgrensa ressursar. Ved å lære elevane våre om fornybare energikjelder som sol, vind, vasskraft, bølgjekraft og geotermisk energi, gir vi dei verktøya til å forstå kvifor det er så viktig at vi skal bevege oss mot ein meir berekraftig energiproduksjon.

På same tid er det like viktig å forklare konsekvensane av ikkje-fornybar energi som kol, olje og naturgass. Elevane bør få innsikt i korleis desse energikjeldene bidreg til klimaendringar og ressursutarming. Dei bør også få kunnskap om kvifor overgangen til fornybar energi er avgjerande for å sikre ei levedyktig framtid for kommande generasjonar.

Årets energiressurs frå oss, består av 4 ulike delar:

Del 1 «Ulike energiformer»

Del 2 «Naturressursar»

Del 3 «Energiovergangar»

Del 4 «Møt ein forskar»

Alle oppgåvene er lagt opp slik at elevane må diskutere og formulere sine eigne hypotesar. Dei må samarbeide, undersøkje, lage, lese, teikne og skrive om kva dei har oppdaga og gjort. Vi har tatt utgangspunkt i læreplanen for nokre ulike fag. Sjå eige dokument om faga og kompetansemåla.

Dei fleste lesetekstane med tilhøyrande oppgåveark og fasitar, er delte inn i tre nivå. Du vel sjølv kva nivå som passar til elevane dine. Det same gjeld for spel og andre aktivitetar. Forsøka kan også stort sett utførast på alle alderstrinn. Det er nok lurt å starte med del 1 og jobbe seg gjennom dei ulike delane. 

Filmar med Nysgjerrigpers eigen oppfinnar

Vi har produsert seks korte filmar til kvar av energiformene i ressursen. I filmane møter vi Oppfinneren på «Petter Smart-kontoret» hans, og ser kva energieksperiment han held på med. Oppfinnaren blir spelt av skodespelar Tormod Løvold frå Den Nasjonale Scene i Bergen.

Filmane er både morosame og faglege og skal pirre nysgjerrigheita til elevane. Dei er laga for at elevar i alle aldrar skal ha glede av dei.

Kvar film sluttar i god Nysgjerrigper-ånd med eit spørsmål; «Kva skjedde der?». Spørsmålet skal fungere som ei bru til den neste energiforma dei skal jobbe med.

Start i tide!

Elles tilrår vi også å starte tidleg med å skaffe utstyr til dei ulike forsøka. Mange av forsøka krev til dømes batteri, leidningar, diodar, ispinnar, sugerøyr osb. Spill og lottokort eignar seg best på litt tjukkare ark eller som laminerte kort. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 desember 2024, 15:40 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.