Vokalar og konsonantar
Korleis hadde det vore om vi ikkje hadde vokalar i språket vårt?
Hjernen vår er svært god til å kjenne igjen mønstre og til å bruke kontekst til å fylle inn manglande delar. Når vi ser konsonantane i eit kjent mønster, kan vi ofte gjette det korrekte ordet.
Utan konsonantar manglar vi det viktige mønsteret som hjelper oss med denne prosessen.
Vokalar tilfører flyt og klang til språket, men dei er ofte ikkje like avgjerande for å identifisere den grunnleggjande strukturen til ordet. Mange vokalar kan bytast ut og takast bort utan at det endrar betydninga for mykje. Viss derimot konsonantane blir fjerna, blir teksten svært vanskeleg å avkode
Tips til undervisning
Gå rett til 3.-4. trinn eller 5.-7. trinn.
2. trinn
- Snakk med elevane din om kva ein vokal og ein konsonant er. Kva bokstavar hugsar dei frå 1.klasse? Skriv dei opp slik at elevane ser kven som er i kva gruppe.
- Les historia om katten Felix for elevane dine. Elevane skal prøve å gjette kva som står på skilta til dei 3 dyra. Skriv så dei 3 orda opp på nytt, men denne gongen tek du bort konsonantane. Kva skjer då? Forstår elevane kva ord som no står på tavla?
- Snakk med elevane om kvifor dei trur det blir forskjell på om vi tek bort vokalar eller konsonantar. La elevane leke seg med ulike ord og setningar der dei tek bort vokalane sjølv.
- Korleis trur elevane det gjekk med Felix? Teikn eller skriv historia ferdig.
3.-4. trinn
- Avkod meldingane til dei 3 dyra. Kva står på skilta?
- Skriv dei 3 beskjedane på nytt, men denne gongen tek du bort konsonantane og skriv berre vokalane. Kva trur du skjer då?
- Lag nokre oppgåver til læringsvennen din og sjå om dei lèt seg avkode.
- Korleis trur du det gjekk med Felix? Fullfør historia.
5.-7. trinn
- Avkod meldingane til dei 3 dyra. Kva står på skilta?
- Skriv dei 3 beskjedane på nytt, men denne gongen tek du bort konsonantane og skriv berre vokalane. Kva trur du skjer då?
- Kva trur du er grunnen til at det er forskjell på om vokalar eller konsonantar blir fjerna? Snakk med ein læringsvenn om kva de trur er grunnen til ulikskapen.
- Lag nokre oppgåver til læringsvennen din og sjå om dei lèt seg avkode.
- Korleis trur du det gjekk med Felix? Fullfør historia.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21 november 2024, 12:31 CET
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.