Stasjonsforsøk om musikk

Ein kan gjera mange morosame eksperiment med musikk som kan eigna seg til stasjonsforsøk i klasserommet. Lag ni stasjonar med forsøk om musikk som elevane kan prøva seg på: Lag ein begertelefon, lag lyd med ein linjal, eksperimenter med kyrkjeklokker, lag din eigen speledåse, prøv ein stemmegaffel i både luft og vatn, lag lyd med eit vinglas, lag ein røyrtelefon og lag lyd med ballongar.

Skriv ut alle eksperimenta og legg dei på kvar sin stasjon i klasserommet. Del elevane opp i grupper og la dei prøva seg på dei ulike stasjonane. 

Begertelefon

Lag begertelefonen

  1. Finn to pappkrus eller plastbeger.​
  2. Lag eit lite hol i botnen av kvart beger med ein spikar.​
  3. Tre ein bomullshyssing gjennom holet i det eine begeret.
  4. ​Lag ein knute i enden av tråden på innsida av begeret for å sikre at tråden held seg på plass.
  5. Gjenta prosessen med det andre begeret.​

​Gjennomfør eksperimentet

  1. Ta med ein læringsvenn og gå ut i entreen eller ut i skulegarden.​
  2. Strekk hyssingen stramt mellom dykk.​
  3. Ein av dykk tek begeret inntil øyret. Den andre snakkar lågt inn i begeret sitt.​

​Observer og diskuter

  1. Kva skjer hos den som held begeret inntil øyret?​
  2. Kvifor trur du dette skjer?

Linjal-lyd

NB! Vask linjalen din både før og etter bruk

Oppgåve 1

  1. ​Hald linjalen din mellom leppene.​
  2. Dunk forsiktig i enden av linjalen med ein blyant.​
  3. Observer korleis lyden blir.​

​Oppgåve 2

  1. Hald linjalen din mellom tennene.​
  2. Dunk forsiktig i enden av linjalen med ein blyant.​

​Observer

  1. Høyrer du ein forskjell mellom dei to forsøka?​
  2. Kvifor trur du det er slik?

Kyrkjeklokker​

Ta to stålskeier og bind ein hyssing til kvar.​

  1. Hald ein ende av hyssingen i kvar hand.​
  2. Snurr tråden rundt kvar peikefinger.​
  3. Heng skeiene ned framfor deg og la dei to skeiene dunke mot kvarandre eller i til dømes ein stol.​

Spørsmål

Kva skjer når skeiene dunkar mot kvarandre?​

​Hald fram med eksperimentet

  1. Ta hendene dine opp til øyra, sørg for at hyssingen ligg inntil øyra og at trådane heng fritt ned framfor deg.
  2. ​Dunk dei to skeiene mot kvarandre eller mot ein stol.​

Observer og reflekter

  • Kva skjer?​
  • Merkar du nokon forskjell i lyden?​
  • Kvifor trur du det er slik?

Speledåsen

Oppgåve 1

  1. Hald den manuelle speledåsen med sveiv i handa.
  2. Sveiv på den vesle sveiva. ​
  3. Korleis er lyden frå speledåsen? 

Oppgåve 2

Legg speledåsen på eit bord og sveiv på sveiva. ​
  1. Korleis er lyden frå speledåsen no?​
  2. Kva trur du skjer når lyden blir endra? ​
  3. Kvifor trur du denne endringa skjer? 

Oppgåve 3

Legg speledåsen på ulike overflater og spel på han.
  1. På kva overflate synest du det blir best lyd?
  2. ​Kvifor trur du det er ulik lyd frå ulike overflater?

Stemmegaffel​

Oppgåve 1

  1. Ta ein stemmegaffel og hald rundt skaftet på han.​
  2. Slå gaffelbeina varsamt mot bordkanten.
  3. Løft deretter stemmegaffelen og hald han nær øyret ditt og lytt.​

Kva skjer?​ Kvifor skjer dette?

Oppgåve 2

  1. Ta stemmegaffelen i skaftet og slå gaffelbeina forsiktige mot bordplata.​
  2. Sett deretter den runde knotten i enden av skafta ned mot bordplata.

Kva skjer?​ Kvifor skjer dette?

Stemmegaffel i vatn

Finn fram ein bolle med vatn og ein stemmegaffel.​

​Gjennomfør forsøket

  1. Hald stemmegaffelen i skaftet.​
  2. Slå forsiktig gaffelbeinet til stemmegaffelen mot bordkanten.​
  3. Senk deretter raskt dei to gaffelbeina ned i vatnet i bollen.

Observer

  • Kva skjer?​
  • Kvifor trur du dette skjer?

Vinglas

NB! Når du er ferdig med forsøket, hugs å tømme vatnet frå glasa ut i vasken, slik at glasa er klare til neste person.

Instruksjon

  1. Ta 2 vinglas og fyll dei med litt vatn.
  2. ​Fukt peikefingeren med vatn og stryk varsamt rundt den øvste kanten på vinglaset.​

​Oppgåve

  1. Få det eine glaset til å spele ein lys tone.​
  2. Få det andre glaset til å spele ein mørk tone.​

​Spørsmål til refleksjon

  1. Kva må du gjere for å endre tonen i glasa?​
  2. Kvifor trur du tonen endrar seg slik?

Røyrtelefon

Instruksjon

Ta ein hageslange og strekk han så langt du kan gjennom dører og inn på til dømes eit grupperom eller så kan du gjere dette ute i skulegarden.​

​Gjennomfør eksperimentet

  1. To elevar står ved kvar sin ende av ein hageslange.​
  2. Ein elev snakkar lågt inn i den eine enden av slangen, medan den andre lyttar i den motsette enden.​

​Observer

  • Kva skjer?​
  • Kvifor trur du dette skjer?

Ballong-lyd

NB! Berre ein ballong per elev. 

Ved hjelp av ein ballong skal du no lage to ulike lydar, ein lys lyd​ og ein mørk lyd​.

​Instruksjon

  1. Kva må du gjere med ballongen for å få til kvar av desse lydane?
  2. ​Bruk opninga til ballongen og tuten på han til å lage ulike lydar. Beskriv trinna du går gjennom.​

​Refleksjon

Kvifor trur du endringar i korleis du bevegar opninga til ballongen gir ulike lydar?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3 juli 2024, 05:41 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.