Plast med minne
Har du nokon gong lurt på korleis eit plastbeger blir laga? Med dette eksperimentet finn du ut kva det betyr at plasten har "minne".
Korleis blir plastbeger laga på fabrikken? Korleis fungerer plast med "minne"?
Smart plast
Med dette eksperimentet kan du finne ut korleis plastbegera såg ut før dei fekk den forma som dei har no. Det er nemleg slik at materialet som slike plastbeger er laga av, har eit eige "minne".
Tilbake til byrjinga
Om du følgjer oppskrifta på eksperimentet, vil du sjå korleis det smarte plastmaterialet fungerer. Du vil også sjå korleis du kan få det til å bruke sitt eige "minne" til å forvandle seg tilbake til den opphavlege forma si.
Dette treng du:
- yoghurtbeger, rømmebeger eller andre tomme beger i same materiale
- steikjeomn
Slik gjer du:
- Set omnen på 150 grader celsuis.
- Set inn eitt eller fleire beger og vent.
- Snart skjer det noko merkeleg ...
Kva skjer?
Begera er laga av ein type plast som har "minne". På fabrikken vart plasten pressa ut frå ein flat folie og gjort om til beger ved 150 grader celsius. Når vi varmar opp plasten til same temperatur, fell han tilbake til den flate forma.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3 april 2025, 01:44 CEST