Etterbileteffekt

Bilete: Unsplash

Dette skjer med etterbileteffekten

Når du stirer på ein farge ei stund og deretter flyttar blikket ditt over til ei kvit flate, kan du oppleve eit fenomen kjent som ein etterbileteffekt. Synet ditt vil prøve å finne ein balanse, ved å tilpasse seg.  
  
Så viss du stirer på ein grøn flekk ei stund, og plutseleg ser på eit kvitt ark,  
vil auget tilpasse seg og prøve å rette opp den plutselege endringa.  
  
Det er litt som når du bruker ei lommelykt i mørket og deretter slår ho av. Auga dine prøver å tilpasse seg mørket etter å ha sett det lyse lyset.  
  
På same måte, når du ser på ein farge lenge og deretter ser bort, prøver auga dine å justere seg tilbake til normalen. Resultatet er at du byrjar å sjå ein spesiell skuggefarge som er motsett av det du har stirt på. Auget endrar til å sjå den fargen som er motsett av den fargen du såg på. Vi kallar desse fargane komplementærfargar. 

Lag din eigen etterbileteffekt

Vi har fem nordiske land, og alle desse landa har sine eigne flagg. Det er likevel tre flagg til i Norden. Desse flagga tilhøyrer Færøyane, Grønland og Åland.  

Oppgåve

Vel deg ut eit av desse tre flagga og fargelegg det i komplementærfargane slik at du lagar eit etterbilete av flagget. Kva fargar treng du då? 

 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3 juli 2024, 05:41 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.