Det spirer

Våren er her! Det er tida då blad og knoppar spring ut og alt blir litt grønare og lysare. Her er nokre spireforsøk og planteforsøk du kan utføre uansett årstid.

Spirer som vokser

Dette treng du:

  • ein stor lynlåspose
  • frø
  • litt tørkerullpapir
  • eit vindauge
  • papp til ei husform
  • teip

Slik gjer du:

  1. Finn ein bit tørkerullpapir (ca. 20 cm).
  2. Fukt papiret og legg det i botnen av posen.
  3. Legg 1–3 frø oppå papiret i posen. Blås posen bitte litt opp og lukk han godt igjen.
  4. Teip posen fast på eit vindaugsglas. Posen skal henge slik at han får så mykje lys som mogleg. Lag eventuelt eit «hus» i papp rundt posen, så blir han penare å sjå på.

Kva skjer:

Inni posen får frøa fukt frå det våte papiret. Sidan posen er lukka, held dette vatnet seg inni posen. Sollyset skin inn i posen og varmar han opp. Vatnet vil fordampe og spreie seg rundt i posen. Alle frø treng lys, vatn, næring og oksygen (O2) for å spire. Frøet treng oksygen fram til dei får blad og kan bruke fotosyntese.  Posen blir akkurat som eit lite drivhus, og frøet spirer.

Undrespørsmål:

Kva trur du skjer inni posen etter to veker dersom du ikkje opnar han?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26 desember 2024, 11:35 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.