Blås rundt eit glas og få flagga til å blafre!

Du treng: 

  • Eit sylinderforma glas 
  • Fargeblyantar eller tusj 
  • Ein liten Post it-lapp 
  • Ein blyant 
  • Teip
Et norskt flagg som blir fargelagt med en rød blyant

1. Teikn det norske flagget på Post it-lappen. 

En tegning av det norske flagget som blir festet til enden av en gul gråblyant

2. Fest eit hjørne av lappen på blyanten (NB! Ikkje fest heile sida.) Då har du ei lita flaggstong med flagg.  

En gul gråblyant som blir festet til enden av et bord med klar teip

3. No må du få blyantflaggstonga til å stå støtt. Fest den til kanten av eit bord med teip. 

En jente med lyst hår i hestehale som blåser på et glass

4. Hald glaset omtrent 10 cm frå munnen din og blås rett mot flagget. 

To spørsmålstegn på en blå bakgrunn

5. Skjer det noko? 

En jente med lyst hår i en hestehale som blåser på et glass

6. Eksperimenter med å flytte glaset lenger bak og lenger fram og forsøk å finne den avstanden mellom glaset og flagget som gir mest vind i flagget. 

En jente med lyst hår i hestehale som blåser på et glass

7. Prøv også å flytte deg sjølv og glaset omtrent 10 cm til sida. Blås rett mot glaset igjen. Blafrar flagget meir eller mindre no?

Kva skjer? 

Når du blæs luft på glaset, set du lufta rundt glaset i rørsle. Luftstraumane følgjer den bua forma til glaset, og straumane møtest på baksida av glaset. Flagget blafrar mest når du blæs rett mot glaset fordi det blir treft av luftstraumane som kjem frå begge sider av glaset.

Prøv eit liknande eksperiment med vatn 

Du treng: 

Eit sylinderforma glas og ein vask med vasskran, til dømes på kjøkkenet. 
  
  

En hånd som holder i et glass

1. La glasa liggje i handa.

En grå vannkran som det renner vann fra

2. Set på vasskrana.

To spørsmålstegn på en blå bakgrunn

3. Kva trur du vil skje med vatnet når vi puttar glaset inn i vasstrålen? 

En hånd som holder et glass under rennende vann

4. La glasa berøre vatnet.

5. Skjedde det du trudde skulle skje?

Kva skjer? 

Akkurat som med lufta vi bles på glaset i det første forsøket, vil også vatnet følgje den bua forma til glaset. Dermed vil ikkje vatnet sprute utover når glaset berører vatnet som ein kanskje skulle tru, men berre renne rundt glaset og ned i kummen. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19 mai 2024, 19:32 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.