Gøy med mange språk

Forsking viser at dei fleste barn vil lære seg fleire språk. Mest fordi det er gøy, men også fordi det er nyttig.

Gruppe barn som sitter eller ligger på en sofa på skolen.

Mange barn har to eller fleire språk som er like viktige for dei. I Oslo snakkar éin av tre skoleelevar minst to språk. Desse barna kan som regel hoppe frå det eine til det andre språket utan problem, ofte midt i ei setning.  

Forskar på språk 

Bente Ailin Svendsen, som er professor på Universitetet i Oslo, har vore med på to språkundersøkingar med rundt 9000 barn.

Undersøkingane viser at dei fleste har lyst til å lære fleire språk. Først og fremst fordi det er gøy. Vi kan til dømes bruke språka til løyndommar. Men barn vil også lære språk fordi det er nyttig, både for å forstå andre folk og for å få jobbar. 

Bente var med som forskar i Forskningskampanjen 2014: Ta tempen på språket. I kampanjen hjelpte skoleelevar til med å forske på språk. 

Språk gjer deg systematisk

– Blir ein smartare av å kunne fleire språk? 

– Det kan vi ikkje seie noko sikkert om, seier Bente Ailin Svendsen.

– Men ein kan bli flinkare til å konsentrere seg. Og ein kan bli flinkare til å reagere på ting rundt seg. Det er mellom anna fordi ein heile tida set språket inn i eit system der ein tenkjer på korleis orda skal stå i forhold til kvarandre. Då blir ein god til å finne system på andre ting òg.

Språk gir kunnskap om kulturar

– Barn som lærer fleire språk samtidig, kan også bli flinkare til å forstå korleis andre kulturar er bygd opp. Dei ser at ulike kulturar har ulike verdiar og tankesett.

Det fortel språkforskar Merete Anderssen frå Universitetet i Tromsø. Ho trur likevel ikkje barn som berre kan eitt språk, lærer mindre eller blir dummare enn andre.

– Neida, barn med eitt språk kan også bli veldig flinke til å forstå andre system og kulturar! Det tek berre litt meir tid, sidan det ikkje kjem automatisk gjennom språket. 

Alltid plass til fleire

Ifølgje språkforskarane er det ikkje sånn at hjernen blir full etter at ein har lært seg eit visst talet på språk. Ein kan alltid få plass til fleire, også når ein blir eldre.

For nokre år sidan meinte dei fleste språkforskarar at det var viktig å velje eitt språk som hovudspråket sitt, altså bruke eitt av språka sine meir enn dei andre. Tanken var at barn måtte lære hovudspråket sitt systematisk og skikkeleg før dei lærte eit nytt språk.

I dag er det mange forskarar som er usamd i dette.

– Det eine språket treng ikkje å vere viktigare enn det andre, men ein kan bruke dei til ulike ting, seier Bente Ailin Svendsen.

– Nokre barn snakkar til dømes urdu heime og norsk på skolen. Då kan det hende dei kan fleire ord på urdu om ting som finst på kjøkkenet. Ofte blandar vi dei språka vi kan for å uttrykkje kva vi meiner. Tenk berre på alle slangorda frå engelsk!

Møt fem som kan fleire språk 

Geoff, Christina, Amalia, Fabian og Birk går på Grünerløkka skole i Oslo. Birk kan tre språk, dei andre kan to. Alle synest det er både praktisk og gøy med fleire språk.

– Men det kan bli flautt òg, når ein svarer på feil språk utan å vite det sjølv, seier Christina.

Geoff

Snakkar norsk og New Zealand-engelsk.

– På New Zealand snakkar dei engelsk med ein eigen dialekt og nokre eigne ord. Far min er derfrå og kan veldig lite norsk, så stemor mi måtte omsetje det eg sa til han før eg lærte engelsk. No er pappa glad for at vi kan snakke saman. Engelsk er jo det språket flest snakkar og lærer. Eg lærer det godt før mange andre og kan gå vidare til eit nytt språk.

Christina

Snakk norsk og spansk.

– Eg har flytta nokre gonger mellom Noreg og Chile. Ein gong sa eg "si" i staden for "ja". Det kan vere litt flautt å svare på eit anna språk og ikkje oppdage det sjølv.

Men eg har nok lyst til å lære fleire språk seinare, til dømes tysk. Kan ein fleire språk, blir det morosamare å reise. 

Fabian

Snakk norsk og spansk. 

– Det er gøy å kunne eit ekstra språk. Eg har lyst til å lære fransk òg. Då kan eg nokre språk som liknar på kvarandre. 

Amalia 

Snakk norsk og gresk. 

– Vi er to i klassen som kan gresk. Det hender vi snakkar gresk når vi vil at andre ikkje skal forstå det vi seier. Då er det mange som blir nysgjerrige og får lyst til å lære nokre ord.   

Birk

Snakk norsk, katalansk og spansk.

– Om eg ikkje veit ordet i det eine språket, skiftar eg til det andre språket.
Det er eg sjølv som bestemmer kva språk eg skal snakke. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2 april 2025, 00:28 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.