Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Krafsekamp hos dinosaurar"

For å forstå teksten og svare på oppgåvene skal elevane finne samanlikningane i artikkelen "Krafsekamp hos dinosaurar".

Oppslått Nysgjerrigperartikkel om dinosaurer
Artikkelen om dinosaurar er henta frå Nysgjerrigper nr. 4-2017.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Samanlikning som forklaring

For å forklare noko som er fjernt frå vår kvardag, er det ofte lettare å bruke kjende ting som utgangspunkt. Dersom ein seier at dinosauren likna på ein stor fugl som hadde tynne frambein i staden for vengar, er det lettare å forstå enn om ein skildrar i detalj korleis dinosauren stod på to bein med tre store tær, balanserte med halen bak og to tynne forlemmar opp i lufta. Difor nyttar ein ofte samanlikningar for å forklare eller skildre det eksotiske.

Orda ein nyttar for å samanlikne, er ikkje alltid enkle å oppdage. Det er lettast å sjå samanlikninga om ein skriv det rett ut, med orda samanlikne eller som: "Dinosaurane kan ein samanlikne med fuglar", eller "Dinosaurane levde mykje som fuglane". I artikkelen "Krafsekamp hos dinosaurar", derimot, er samanlikninga uttrykt vanskelegare.

Her er to døme:

1. "No veit vi at dei (dinosaurane) var forfedrane til fuglane. Vi kan derfor tenkje oss at mange dinosaurar oppførte seg ganske likt fuglar på mange måtar."

• Her kan ein tolke seg fram til at vi kan samanlikne dinosaurar og fuglar fordi dinosaurane var forfedrane til fuglane.

• Vidare kan ein tenkje seg at dinosaurar oppførte seg som fuglar, fordi dei var forfedrane til fuglane.

2. "Vi veit at nokre av dei hekka i store koloniar, akkurat slik mange sjøfuglar gjer i dag."

• Ein kan tolke seg fram til at fordi mange sjøfuglar hekkar (legg egg og får ungar) i store gruppar, så gjorde truleg nokre av dinosaurane det også.

Desse samanlikningane er ikkje lette å få auge på, men er avgjerande for å forstå teksten. Å pense lesaren inn på at dei tretåa dinosaurane likna ganske mykje på nokre fuglar, er difor ein god strategi.

Oppgåve mens elevane har bladet, men ikkje har fått Lesekroken

I oppgåve 2 får elevane tips om at forskarane meiner dei tretåa dinosaurane er forfedrane til fuglane, og difor kan ein samanlikne dei. Elevane skal finne ut kva dinosaurane og fuglane truleg har felles. Gå gjennom eksempelet med elevane, og leit i teksten for å finne svar.

Eksempel: Nemn noko dinosaurane gjorde, og som mange sjøfuglar gjer i dag.

I teksten står det at "nokre av dei hekka i store koloniar, akkurat slik mange sjøfuglar gjer i dag". Truleg finn elevane ordet "sjøfugl" fort, men kva var det eigentleg dei gjorde? Både "hekke" og "koloniar" er truleg ord det er vanskeleg for elevane å forstå. Forklar at det tyder at sjøfuglane la egg og fekk ungar saman med mange andre fuglar. Spør vidare kva dei trur dei tretåa dinosaurane gjorde. Jo, dei la også egg og fekk ungar saman med mange andre dinosaurar.

Elevoppgåver

1. Tenk som forskarar

Snakk saman i grupper.

a. Kvifor er det så vanskeleg å finne ut korleis dinosaurane levde?

b. Korleis trur de forskarane finn ut korleis dinosaurane levde?

2. Samanlikningar

I artikkelen står det at forskarane meiner dei tretåa dinosaurane er forfedrane til fuglane. Difor kan ein truleg samanlikne dinosaurar og fuglar.

Finn ut kva for eigenskapar ved fuglane i dag som blir samanlikna med eigenskapar ved dinosaurane.

Eksempel: Nemn noko dinosaurane gjorde, og som mange sjøfuglar gjer i dag.

Svar: Dei hekkar (legg egg og får ungar) i store gruppar.

a. Korleis såg mange av dinosaurane ut, og kva er likt med fuglar?

b. Dinosaurane gjorde noko som også strutsar gjer i dag. Kva var det?

c. Dinosaurane gjorde noko som også orrfugl gjer i dag. Kva var det?

3. Detektivlesing

a. Korleis liknar dinosauren i artikkelen på fuglar?

b. Korleis kan du finne ut meir om kva eit fossil er?

c. Kvifor trur forskarane at det er hann-dinosaurane som har grave groper, og ikkje hoene?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. november 2024, kl. 00.11 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.