Trill og tryll

Med litt øving kan du læra deg å trylla med terningar! Løyndommen ligg i forma til terningane - og i matematikken.

En gutt holder terninger i hånden.
Foto: Shutterstock

Du treng:

  • ein medhjelpar du vil imponere
  • tre terningar som du gir til medhjelparen din

Det kan òg vera lurt å øva litt på trikset på førehand.

Slik gjer du:

  1. Gi terningane til medhjelparen din og snu deg. Be han eller henne kaste alle terningane éin gong og leggje saman tala som kjem opp.
  2. Be medhjelparen din ta opp EIN terning og legg til det talet som står i botnen av terningen.
  3. Til slutt kastar medhjelparen din terningen som er teken opp, ein gong til, og legg til dette talet. IKKJE fortel resultatet.
  4. Snu deg og sjå kjapt på terningane. Legg saman alle auga, legg til 7, og simsalabim, så kan du fortelje kva for resultat forsøkspersonen din har fått.

Korleis er det mogleg?

Sidan den eine terningen blir kasta to ganger, er det eigentleg fire terningkast som blir lagde saman, pluss det talet som står i botnen av den terningen som
blir teken opp. På den terningen som blir teken opp, blir auga på toppen og i botnen lagde saman, og dette resultatet blir alltid sju. Altså treng du berre å leggje saman auga på dei kast-resultata du kan sjå på bordet, og hugse å leggje til 7 for det kastet der topp og botn vart lagde saman.

Enkelt, ikkje sant?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mai 2024, kl. 09:44 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.