Sporjakt

Forskarar og etterforskarar har éin ting til felles: Dei leitar ofte etter spor. Spor kan gi gode svar på det ein lurer på. Her er tre metodar du kan bruke for å finne spor.

To fotspor av sko i kram snø
Foto: Shutterstock

Spor i våt sand eller leire

Du treng: 

  • Gips (rimeleg til sals i hobbybutikk)
  • Papp
  • Saks
  • Bolle eller beger til å blande gipsen i
  • Noko å røre med
  • Vatn

Slik gjer du

  1. Finn eit spor du ønskjer å ta vare på. Det kan vere ein fugl som harspasert på ei strand, ein elg som har tråkka i leire, eller fotavtrykket til ein mistenkt i ei kriminalsak.
  2. Klipp til to pappstrimlar og brett begge éin gong slik at dei dannar ein firkant rundt sporet. Strimlane må vere 2–3 cm breie.
  3. Tilset vatn til gipsen slik at han kan hellast i forma du har laga rundt sporet.
  4. Hell gipsen i forma og vent til han har stivna før du tek han opp. No har du eit avtrykk av sporet. Viss det er sand/jord på gipsen, kan du børste det forsiktig av.
  5. Samlar du mange ulike spor, kan du lage ei utstilling. Du kan òg måle gipsen slik at spora ser meir naturtru ut.
Eksperimentplakat med beskrivelser for gjennomføring av eksperimentene sporjakt
Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Spor i kram snø

Du treng

  • Gips
  • Bolle eller beger ti l å bla nde gipsen i
  • Noko å røre med
  • Vatn
  • Skivoks på sprayboks

Slik gjer du

  1. Gå på sporsamling ein dag det er kram snø. Ta med deg rikeleg med vatn, sprayboksen med skivoks, gips og noko å blande i, og gå ein stad der du trur mange ulike dyr ferdast. Finn spor som er klare og tydelege i snøen.
  2. Spray spora du vil samle inn, med skivoks.
  3. Bland gips med vatn slik at han blir flytande, og hell han i sporet.
  4. Ta opp gipsen når han har stivna. Det går raskt i kaldt vêr.
  5. Du kan eventuelt eksperimentere med å teste ut andre typar feittstoff på sprayboks enn skivoks, og sjølv lage avtrykk i snøen som du trur kan bli fine.

Fingeravtrykk

Du treng

  • Kakaopulver
  • Ei teskei
  • Ein hårfønar
  • Gjennomsiktig teip
  • Kvitt ark

Slik gjer du

Å lyfte opp fingeravtrykk krev trening. Du bør derfor øve deg på avtrykk som du sjølv lagar på ei glatt og blank overflate, som ein lommespegel eller liknande.

  1. Gni fingeren du vil ta fingeravtrykk av, i hovudbotnen. Der er det feitt som gjer at fingeren set tydelege avtrykk.
  2. Trykk fingeren ned på den glatte overflata, og senk heile fingeren nedpå flata.
  3. Dryss kakaopulver på avtrykket og blås det som ikkje festar seg, bort ved hjelp av fønaren. Stå gjerne over ein oppvaskkum, slik at det ikkje blir for mykje søl.
  4. Plasser ein bit teip oppå fingeravtrykket som kakaopulveret har festa seg til. Lyft avtrykket over på eit kvitt ark og studer det med forstørringsglas. Kva slags avtrykk er det?
  5. Du kan eksperimentere med andre typar pulver som augneskygge, pudder og mjøl. Skal du leite etter avtrykk på svarte overflater, er det kanskje ein fordel med kvitt pulver og svart ark til å teipe avtrykket på.

Fakta om fingeravtrykk

Så langt har ein ikkje funne to personar i verda som har like fingeravtrykk. Fingeravtrykka til ein person forandrar seg heller ikkje gjennom livet. Å bruke slike avtrykk som bevis i kriminalsaker er derfor veldig påliteleg.

Det finst mange ulike metodar for å finne fingeravtrykk. Kva for ein metode ein vel, er i stor grad avhengig av kva slags underlag ein leitar på. Blant etterforskarar er nokre spesialistar på å søkje etter fingeravtrykk på dei utrulegaste s tader. Andre ekspertar er igjen dyktige til å analysere fingeravtrykk for å finne ut om dei er identiske med avtrykka til ein person.

Det finst tre hovudmønster på fingeravtrykk. Det er kvervlar, bogar og slyngjer. Her ser du nokre eksempel.

Rundt 60 prosent av alle menneske har slyngjer, 35 prosent har kvervlar, og 5 prosent har bogar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juli 2024, kl. 13.37 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.