Bakepulverbåt

Ei tom flaske får fart på seg når du bruker bakepulver og eddik som drivkraft.

Illustrasjon av hva du trenger og hvordan du skal gjennomføre eksperimentet
Illustrasjon: Melkeveien Designkontor

Du treng:

  • ei tom 1 ½ liters brusflaske med kork
  • ei nål eller ein teiknestift
  • to strikkar
  • ei teskei
  • 10 ts bakepulver
  • 1 dl eddik
  • 3 dl vatn
  • ein kopp
  • eit papirark
  • eit badekar eller stort kar med vatn

Slik gjer du:

  1. Set to strikkar rundt flaska slik som vist på teikninga: ein strikk langt ned mot botnen, den andre omtrent på midten av flaska.
  2. Fest ei teskei under dei to strikkane.
  3. Legg flaska i vatnet og merk deg kva for ein del av flaska som ligg under vatn.
  4. Løft opp flaska. Bruk ei stoppenål og lag eit lite hol i den delen av flaskebotn som låg under vatn.
  5. Lag eit kremmarhus av papir. Dette skal du seinare bruke som trakt for å få bakepulveret inn i flaska.
  6. Mål opp 10 teskeier bakepulver i ein kopp.
  7. Løft opp flaska og hald ein finger framfor det vesle holet du har laga i flaskebotnen.
  8. Ha 3 dl vatn og 1 dl eddik oppi flaska.
  9. Skru av korken og set kremmarhuset i flasketuten.
  10. Hell i full fart bakepulveret i flaska.
  11. Ta vekk trakta, skru på korken og rist godt.
  12. Legg flaska tilbake i vatnet og ta fingeren bort frå holet.

Kva skjer?

Inni flaska vil bakepulver og eddik danne ein kjemisk reaksjon. Desse to stoffa dannar CO²-gass. Det er den same gassen som du pustar ut. Fordi holet du har laga i flaska, er så lite, vil gassen presse seg ut. Dette skaper ein fin jetstrøm. Trykket er så sterkt at det pressar "båten" framover.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juli 2024, kl. 07.17 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.