Flyktningleirar er ei dårleg løysing

Krigar og konfliktar gjer at folk må flytte på seg. Mange på flukt endar opp i flyktningleirar. Forsking viser at det verken er riktig eller lurt.

I flyktningleirar bur det folk som har måtta rømme heimanfrå på grunn av krig og konflikt.

– Eg har forska på desse leirene, seier Maja Janmyr. Ho er professor ved Universitetet i Oslo.

Maja ville undersøkje om menneskerettane blir følgde i flyktningleirane.

Menneskerettane består av 30 rettar. Dei skal gjelde for alle menneske heile tida.

Forskinga til Maja viser likevel at folk i flyktningleirar mistar ein viktig rett, nemleg retten til å bevege seg fritt rundt i eit land. Slik som du og eg bevegar oss fritt i Noreg.

Mange flyktningar bur i flyktningleirar. Maja Janmyr har forska på desse leirane (Foto: Christian Boe Astrup/UiO)

For å finne ut av det drog Maja på feltarbeid. Ho drog til ulike flyktningleirar for å sjå og høyre om korleis leirane fungerte.

Der intervjua ho flyktningar og hjelpeorganisasjonar, og snakka med politikarar og andre som bestemmer.

Nesten som fengsel

– Korleis mistar ein retten til å bevege seg fritt i flyktningleirar?

– Eg har sett at det ofte er gjerde rundt flyktningleirar. Eg har òg høyrt at vaksne og barn ofte ikkje får gå ut og inn som dei vil, seier Maja.

Ho fortel at nokre flyktningleirar ser ut som fengsel.

Maja seier at det først og fremst er viktig at menneskerettane blir følgde. Det kan òg bli farleg når folk ikkje får bevege seg fritt.

– Til dømes var det nyleg ein stor brann i ein flyktningleir i Bangladesh. Det var gjerde rundt heile flyktningleiren. Folk var sperra inne, og det vart umogleg å rømme frå flammane, seier forskaren.

Hjelpa blir synleg, men ikkje bra

– Synest du vi skal stoppe heilt med å bruke flyktningleirar?

– Ja, det synest eg! Forskinga mi viser at flyktningleirar ikkje er ei god løysing for menneske på flukt. Det er ikkje berre eg som meiner det, seier Maja.

FNs flyktningorgan (UNHCR) har bestemt at land ikkje skal bruke flyktningleirar like mykje som før.

Ein flyktningleir i Bangladesh (Foto: Shutterstock)

– Kvifor blir det framleis brukt flyktningleirar?

– Det er ei behageleg løysing, seier Maja.

Flyktningleirar gjer at hjelpa flyktningane får, blir synleg.

– Det ser jo bra ut for dei som gir hjelp og støtte til flyktningar. Då kan dei setje opp flagget til organisasjonen sin og vise at dei hjelper til, seier Maja.

Majas forsking viser altså at dei som skal hjelpe til, tenkjer: «Her kan vi sjå flyktningane, så her kan vi hjelpe dei.»

– Så landa held fram med å bruke leirar, sjølv om forskinga mi og politikken til FNs flyktningorgan viser at det må stoppast, seier Maja.

Folk må få bestemme sjølv

– Kva kan vi gjere i staden for å bruke flyktningleirar?

– Det finst mange andre løysingar, seier Maja.

For det første seier ho at folk må få bestemme sjølv kvar dei vil bu. Så kan dei få hjelp og støtte der dei buset seg.

– Forskinga finn ingen grunnar til at alle på flukt skal vere på same plass, seier Maja.

Maja håpar at forskinga blir betre høyrd, og at land ikkje bruker flyktningleirar i framtida.

– FN har endra meininga si om flyktningleirar dei siste åra. Det viser at det finst vilje til å stoppe bruken, avsluttar Maja.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 12.51 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.