Kva gjer vi dersom vi går oss vill i skogen?

Kva gjer barn og vaksne når dei går seg vill? Og kva er det lurt å gjere?

Tegning av fornøyd jente med refleksvest

Ein kanadisk politimann fekk i oppgåve å leite etter ein ni år gammal gut som vart borte frå ein campingplass. Han lurte på kor langt niåringar som har mista vegen, eigentleg pleier å dra.

Svaret fann han ingen stad, og forsvinninga inspirerte forskarar ved University of Alberta i Canada til eit nytt prosjekt: De ville undersøke nærare kva barn og vaksne faktisk gjer når dei går seg vill.

Vi blir redde

Å forske på menneske som går seg vill, er ikkje lett. Ein kan ikkje sende folk ut i øydemarka for så å håpe at dei mistar stien. Det er for farleg. Men det ein kan gjere, er å sjå på statistikk over kva menneske som har gått seg vill tidlegare, har gjort og tenkt.

Tegning av jente som gråter så tårene spruter i en mørk skog

Det viste seg at dei fleste bortkomne gjorde noko som ikkje var smart: Dei starta å springe. Då blir det vanskelegare å finne dei. Av 800 personar var det bare to som blei igjen på den staden dei merka at dei hadde gått seg vill. Den eine var så gammal at ho ikkje orka å gå vidare. Den andre var ein 11 år gammal gut, som akkurat hadde vore på overlevingskurs.

Forskarane trur at vi spring fordi vi blir redde. Adrenalinet i kroppen gjer at vi vil flykte.

Ulikt tankemønster

Kva du gjer når du går deg vill, kjem også an på kven du er. Me går oss altså vill på ulike måtar. For at redningsmannskapet skal finne den bortkomne, må dei førestille seg kva akkurat den personen vil gjere i ein slik situasjon. Det aller viktigaste er likevel å vite kor personen sist vart sett. Da går det oftast bra.

Tegning av jente som sitter på en stubbe og drikker juice med resten av nisten ved siden av

Lur på tur

Letemannskap frå Røde Kors finn kvart år folk som har gått seg bort. Dette er råda deira til deg som skal på tur:

  • Ha med deg mat, drikke og litt ekstra klede i sekken. Nyt alt naturen har å by på, og berekn at vegen tilbake også tek tid. Hugs at det blir raskare mørkt når det nærmar seg haust. Ein god tur er tur-retur.
  • God planlegging og gode vurderingar er viktig, men ingen skal være redde for å be om hjelp om dei blir utslitne eller uhellet først er ute.
  • Går du deg vill, kan fargerike klede bidra til at du blir funnen raskare. Er du ikkje ein person som bruker sterke farger på turkleda, bør du ha med ein refleksvest i sekken. Med farger og refleks blir det lettare for letemannskapa å finne deg.
  • Viss du går deg bort på tur, bør du halde deg i ro og ikkje vandre.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 09.14 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.