Hovudrørsler med meining

Når vi nikkar, meiner vi ja. Men når vi ristar på hovudet, betyr det nei. Kvifor er det slik?

Illustrasjon av ulike typer hodebevegelser og kroppsspråk
Vi viser gjerne at vi er samde ved å bevege hovudet opp og ned, eller at vi meiner «nei» ved å vende hovudet frå side til side. Illustrasjon: Tank.no

Det er mange teoriar om kvifor vi nikkar og ristar på hovudet. Ein teori seier at det kjem av korleis vi åt som spedbarn.

Svolten og mett

Ein liten baby som får mjølk frå brystet til mora, har nemleg ikkje så godt syn. Babyen vil derfor søke brystet ved å bevege hovudet oppover – nikke «ja, eg vil ha mat». Slik blir nikking til «ja».

Kva skjer når den vesle babyen er mett? Han har jo ikkje lært å snakke enno, så han kan ikkje seie frå med ord. I staden vender babyen hovudet frå side til side for å unngå brystet til mora og vise at «no vil eg ikkje ha meir mat». Slik ser babyen ein enkel samanheng: Å riste på hovudet betyr «nei takk». Eller ganske enkelt «nei»!

Flokkdyr

Kvifor vi nikkar når vi godtar noko, kan også henge saman med åtferda til flokkdyra. Vi menneske er flokkdyr, akkurat som hundar og hestar og veldig mange andre dyr.

Når eit dyr viser at det underkastar seg leiaren i flokken, gjer det seg gjerne mindre enn leiaren, senkar hovudet og ser ned. Og når vi menneske nikkar «ja» – senkar hovudet – betyr det at vi godtar meininga til den andre.

Ikkje berre natur

Noko som er litt forvirrande, er at desse hovudsignala ikkje er dei same i alle land. Visste du at det til dømes i Bulgaria faktisk er vanleg å riste på hovudet når ein meiner «ja» og nikke når ein er usamd?

Kroppsspråket – det vi seier utan ord – har altså utvikla seg ulikt i ulike land. Det kan dermed vere vanskeleg å slå fast kva hovudnikking og hovudristing kjem av.

Forskarane har teoriane sine, men kan ikkje gi noko sikkert svar. Her trengst det meir forsking!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mai 2024, kl. 04:55 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.