Lure fuglar spreier skogbrann
I tusenvis av år har urfolket i Australia visst om fuglane som spreier brann. No undersøkjer forskarar korleis – og kvifor – fuglane gjer det.
Av Irene Inman Tjørve
Det er vanleg å sjå rovfuglar som jaktar i utkanten av skogbrannar. Der finn dei byttedyr som er skremde av elden og flyktar for livet. Slike byttedyr er lette å fange.
Brannstiftarar
Nokre av dei australske rovfuglane – svartglente, plystreglente og brunfalk – tar saka i eigne hender (eller klør!). Dei sørgjer faktisk for at brannane spreier seg!
Slik spreier fuglane brann
Forskarane observerte at fuglane plukka opp små, brennande kvister og slapp dei ned andre stader. Slik skapte fuglane nye småbrannar. Da kunne dei fortsette å jakte. Dette gjorde dei først og fremst når hovudbrannen heldt på å døy ut – ikkje mens det framleis brann godt.
Også andre stader i verda – i Amerika, Afrika og Sør-Asia – trur ein at enkelte fuglar gjer det same.
Fleire sleipe strategiar
Desse fuglane har altså lært seg å bruke eld som jaktreiskap. Fuglar kan også pønske ut andre glupe måtar å bruke reiskap på.
Krabbehegrer kan for eksempel lokke til seg fisk ved å sleppe brødbitar ned på vatnet. Og kråker kan bruke bilar til å knekke nøtter! Dei legger nøttene på bilvegen og ventar til ein bil køyrer over dei og knuser dei. Når det er klar bane, landar dei på vegen og hentar dei herlege nøttekjernane!
Eldherskarar
Vi menneske er stolte over at vi bruker reiskap og har lært oss å temme elden. Men det er ikkje berre vi som er flinke!
Forsking viser oss at også fuglar og andre dyr løyser problem på finurlege måtar. Det er faktisk godt mogleg at fuglane lærte å bruke eld før oss – kanskje før det fanst menneske i det heile tatt!
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. november 2024, kl. 03.27 CET