Kven har tissa i symjebassenget

At nokon tissar når dei badar, er inga hemmelegheit. Men kor mykje tiss er det eigentleg i eit symjebasseng?

Barn med svømmebriller som dykker i et svømmebasseng
Tenkjer du på at nokon kanskje tissar i bassenget medan du badar? Foto: Shutterstock

Forskarane har prøvd å finne ein god metode for å måle kor mykje urin det er i eit basseng. Det er ikkje så lett. Mange av stoffa som finst i urin, blir borte når dei kjem ut i vatnet.

Kunstig søting

Forskarar i Canada meiner dei har funne ein god løysing. Nemleg å måle mengda av det kunstige søtingsstoffet E950. Dette søtingsstoffet blir ikkje brote ned. Dermed kan ein måle kor mykje ein person i gjennomsnitt har av E950 i urinen.

Så sjekkar ein kor mykje E950 som er i vatnet i vasskrana, og kor mykje som er i symjebassenget. Og vips, så kan ein rekne ut omtrent kor mykje urin bassenget inneheld.

Mange liter urin

Svaret vil du kanskje ikkje vite? Forskarane rekna ut at det i gjennomsnitt var 30 liter urin i eit offentleg symjebasseng! Til trøst: I eit 25 meter langt basseng er det ofte minst 1250.000 liter vatn!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juli 2024, kl. 09.26 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.