Tussar og troll, hulder og skrømt

Over heile landet finst det lokale segner om overnaturlege vesen. No kan du finne ut kva for segner som kjem frå heimstaden din.

Illustrasjon av Norges kart med tusser, troll og nøkken.
Illustrasjon: NTB Scanpix, Theodor Kittelsen via Wikimedia Commons og Melkeveien designkontor.

Norsk folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo har samla inn gamle segner frå by og bygd i heile Noreg. For at alle skal få høve til å lese desse segnene, har dei laga eit digitalt kart på internett. Du kan klikke på kartet for å finne segnene som høyrer til kvart område.

Segnene er historier om overnaturlege vesen som troll, nissar, underjordiske, vette, varulvar, ånder, spøkelse, hekser, trollmenn og smådjevlar. I gamle dagar trudde folk at historiene var sanne.

Over 6000 forteljinger 

Segnene handlar om mykje spennande. Vi får mellom anna høyre om brura på Dovre som vart pynta til bryllaup av dei underjordiske og nesten fanga inne i fjellet. Om bonden på Lista som måtte flytte fjøset sitt fordi det rann tiss frå kyrne ned på matbordet til dei underjordiske som budde under fjøset. Om slaget mellom draugane og daudingane på kyrkjegarden i Storvågan. Om guten som sovna i Kautokeino kyrkje og vart med på messe med dei døde. Dette er berre et lite utval. Til saman finn du over 6000 forteljingar frå både Noreg og Sverige i "Det nordiske sagnkartet".

Gå inn på segnkartet og finn ut kva segner som finst frå bygda di eller byen din! Folkeminnesamlinga vil òg gjerne ha hjelp frå folk til å fylle på med fleire segner.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juli 2024, kl. 09.31 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.