Mammatre tar seg av ungane sine
Forskarar har funne ut at dei store trea hjelper ungane sine med å vekse opp.
Av Irene Inman Tjørve
Nede på skogbotnen i skuggen av dei mektige trekronene kan livet vere hardt for eit lite trefrø som slår rot og prøver å vekse opp. Det kan vere vanskeleg å få nok lys, vatn og næring. Da er det godt å ha ei mamma i nærleiken som passar på!
Samarbeid i djupet
Nede i jorda veks det tett i tett med tynne sopptrådar som bind seg til trerøtene. Trea og sopptrådane er samarbeidspartnarar: Soppane får sukker frå trea gjennom trerøtene. Trea får til gjengjeld mineral og vatn frå soppen.
I dei seinare åra har forskarane oppdaga at soppen òg hjelper trea på ein annan måte: Sopptrådane dannar eit slags underjordisk "internett", som koplar trea saman under bakken. Trea bruker dette "internettet" til å sende både mat og informasjon til kvarandre.
Eit grannelag av hjelparar
Den canadiske skogforskaren Suzanne Simard har studert korleis sopptrådnettet fungerer. Ho fortel at eit skogholt er som eit grannelag av familiar og venner som hjelper kvarandre. Trea hjelper ikkje berre dei trea som er av same arten, men òg andre treslag.
Suzanne har funne ut at bjørka ofte er kopla til grantre. Om sommaren og våren, når bjørka har massevis av blad, sender bjørka ekstra næring til grana. Og om vinteren, når bjørka har felt blada og ikkje kan lage næring sjølv, får ho næring frå grana, som framleis har nålene sine på.
Familien først!
Suzanne la merke til at ein del tre hadde særleg mange sopptråd-koplingar til andre tre i nærleiken, og ho lurte på om desse trea kanskje kunne vere i slekt. Det kunne bety at trea er i stand til å kjenne igjen sine eigne ungar.
For å sjekke denne hypotesen planta ho tre saman med både deira eigne frø og framande frø. Det viste seg da at mammatrea bygde eit mykje tettare sopptrådnett med sine eigne «ungar» enn med dei framande. Slik fekk mammatrea gitt ungane sine meir næring. Så det var tydeleg at dei visste kven som var deira eigne.
Ikkje berre det – mammatrea trekte tilbake nokre av røtene sine, slik at ungane deira skulle få betre plass til å vekse. Og når mammatrea vart skadde eller i ferd med å døy, sende dei forsvarsstoff og annan informasjon til ungane sine gjennom sopptrådnettet.
Dårlegare sjansar som "foreldrelaus"
Forsking har vist at dei trea som får hjelp av mammatreet sitt eller andre slektningar under oppveksten, har fire gonger større sjanse for å overleve enn dei som ikkje har ein slektning til å passe på seg. Suzanne meiner at mange spirande tre ikkje kunne ha overlevd i det heile tatt utan denne hjelpa. Ho uroar seg for den moderne skogsdrifta, der ofte alle trea på ei stor flate blir felte. Ingen mammatre blir igjen for å passe på og hjelpe ungtrea under oppveksten.
Fleire forskarar har vorte interesserte i sopptrådnettet og forholda mellom trea i skogen. No er det fleire som forskar på dette mange stader i verda. Enno er det mykje meir å oppdage om det hemmelege livet til trea!
Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. desember 2024, kl. 05.19 CET