Er humlemordaren funnen?
Forskarar har lenge lurt på kvifor det ligg masse døde humler under lindetrea på seinsommaren. No er kanskje humlemordaren avslørt!
Av Irene Inman Tjørve
Dei siste åra har forskarane vore veldig uroa over at det blir færre insekt omtrent overalt i verda. Dei har vore spesielt opptatt av biene og humlene. Veldig mange planter MÅ nemleg bli bestøva av humler eller bier for å få frukt og bær, og dermed også frø. Når biene og humlene forsvinn, kan det bli mindre mat i verda.
Hauger av humleskrottar
Haugane av døde humler under lindetre har ein visst om sidan 1700-talet. I rundt 100 år har forskarar granska fenomenet. Dei har hatt mange forslag til forklaringar: sprøytemiddel, at nektaren til lindetrea er giftig for humler eller at lindeblomstrane narrar humler ved å dufte herleg, men ikkje inneheld nektar, slik at humlene svelt i hel. Nokre forskarar har til og med meint at vi må hogge ned alle lindetrea for å redde humlene.
Humleskulen tar saka!
Biolog og humleentusiast Tor Bollingmo driv nettstaden Humleskolen. Han bestemte seg for å undersøkje saka nærmare. Tor såg nøye på aktiviteten i lindetrea når humlene surra der, og han samla inn haugevis med humleskrottar for å granske dei sjølv. Det han fann ut, var forbløffande.
Av alle humlene som blei samla inn, var 88 prosent spist på av fuglar. Hovudet var som regel borte, og kroppen var tømt for innmat. Tor hadde også sett både kjøttmeis og blåmeis på humlejakt i lindetrea. Lindeblomstnektaren gjer humlene litt sløve, og då blir det lettare for fuglane å snappe dei.
Dessutan skjedde den store humledøden på den tida på året då dei fleste humlene var blitt gamle og døydde ein naturleg død. Så ein del av humlene hadde nok døydd av seg sjølv.
Skurkane
Det kan altså sjå ut til at lindetrea er helt uskyldige i humlemorda, og at det er meisene som er "skurkane" i dette tilfellet! Lindetrea er berre åstaden for ugjerninga. I så fall må lindetrea få stå, for dei er ei svært viktig matkjelde for mange av dei insekta våre som bestøvar på seinsommaren.
Les meir på humleskolen.no
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. desember 2024, kl. 18.30 CET