Elefantungar treng bestemor
Er du glad i bestemor di? Det er elefantungar også!
Vaksne hannelefantar lever for seg sjølv det meste av tida. Men hoene og ungane lever i familieflokkar. Som andre familiar leikar dei saman og er glade i kvarandre. Dei stoler på kvarandre og hjelper kvarandre. Og dei sørgjer når ein i familien døyr.
Hoa er sjefen
I elefantflokken er det alltid ei gammal ho som er sjef. Ho blir kalla matriarken. Ho er mor, syster, tante og bestemor til dei andre i flokken. Ho er den som veit kvar flokken kan finne noko å ete, kvar dei kan finne vatn og kvar det er trygt å ferdast.
Større sjanse for å overleve
Forskarar har funne ut at elefantungar som lever i same område som bestemor si, har åtte gonger større sjanse for å overleve enn dei som ikkje har bestemor i nærleiken. Dei fann også ut at dess fleire ungar bestemor sjølv har fått, dess betre sjansar har barnebarna hennar for å overleve. Dette er veldig viktig å vite når vi skal passe på at elefantar overlever og har det bra. Det er viktig at dei får ha bestemor i nærleiken – ikkje minst i dyrehagar, der mange elefantungar ikkje overlever.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. desember 2024, kl. 07.50 CET