Kor mange insekt finnast i lufta?

Milliardar av insekt flyr over hovuda våre. Men kan ein verkeleg telje kor mange? Og finne ut kor dei skal? Ja, meiner engelske forskarar.

Millioner av små insekter som flyr rundt i luften med en klar blå himmel i bakgrunnen
Dei store insekta flyg nordover om våren og sørover om hausten – nesten som fuglar! Foto: Shutterstock

Trekkfuglane flyg av stad langt, langt over hovuda våre. Vi veit at dei flytter nordover og sørover etter årstidene. Men kva med insekt? Bruker dei også lufta til å reise over lange strekningar?

Det lurte nokre engelske forskarar på. Og så skaffa dei seg ein radar som dei peikte rett opp mot himmelen. Den viste små og store insekt som fauk forbi, langt oppe i lufta. Dermed kunne forskarane begynne å telje. Og det har dei gjort i ti år. No har dei brukt tala til å rekne ut kor mange insekt det må finnast i lufta over England.

Det er utruleg mange!

God retningssans

For kvart år flyg tre tusen milliardar insekt over Sør-England, meiner forskarane. Det blir 3200 tonn insekt til saman!

Forskarane trur at mange av dei minste insekta berre blir feia opp i lufta av vinden. Men dei store insekta ser ut til å ha ein plan. Dei flyg nordover om våren, og sørover om hausten – nesten som fuglar! Det må bety at insekt har veldig god retningssans, trur forskarane.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. desember 2024, kl. 03.53 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.