Livet i eit fotavtrykk

Dei djupe fotspora til elefanten gir liv til mange andre dyr.

En stpr elefant står på savannen med et tre i bakgrunnen.
Ein vaksen elefant kan vege over seks tonn. Foto: Shutterstock.

Afrikanske elefantar er kjempestore. Ein vaksen elefant kan vege over seks tonn. Så digre dyr lagar djupe fotspor. Spora kan bli 30 centimeter djupe.

[bilde3 høyre]Elefantfotspor blir ofte fylte med vatn. Då blir dei til vassdammar. Store, djupe vassdammar.

Og i desse dammane er det liv!

Nærbilde av mønsteret på undersiden av en elefantfot.
Fotspora til elefanten er viktige for mange dyr. Foto: Picturepoint.no/Shutterstock.

61 dyrearter

Ei gruppe forskarar har undersøkt 30 elefantspor i Uganda. Dei brukte ein sil til å fange smådyr i fotspora. Forskarane fanga 61 ulike dyreartar!

Fulle av insekt

Elefantfotspora var fulle av insekt. Forskarane fann biller, fluger og larver i spora. Det var både igler og rumpetroll i vatnet.

Mange elefantspor på en gjørmete bakke.
Det var eit yrande liv i elefantspora. Foto: Picturepoint.no.

Viktige spor

Forskarane trur elefantfotspora er viktige for mange dyr. For eksempel legg nokre insekt egg i desse dammane. Men viss elefantane forsvinn, blir det ingen elefantspor. Då får insekta problem. Det er endå ein god grunn til å ta godt vare på elefantane i Afrika.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 22.32 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.