5500 år gammal mote
Korleis var moten for over 5000 år sidan? Sjå den eldste kjolen i verda.
Av Irene Inman Tjørve
Den eldste kjolen i verda blir kalla Tarkhan-kjolen og er mellom 5100 og 5500 år gammal. Han vart funnen i ei egyptisk grav og er det eldste vovne klesplagget vi veit om. Kjolen er voven av lin. Det er veldig få klesplagg laga av plantefibrar eller dyreskinn som ikkje blir øydelagde av aldring. Og det er svært sjeldan å finne slike plagg som er meir enn 2000 år gamle.
Dyktig handverk
Kva kan Tarkhan-kjolen fortelje oss? Kjolestoffet er vove av tynne, fine fibrar. Tøyet er klipt til og formsydd med vakre saumar, og delar av stoffet har fine foldar. Det fortel at kjolen er laga av ein svært dyktig handverkar. Slike spesialistar finst vanlegvis i større, velståande samfunn, og det var nok berre dei rike som hadde råd til å skaffe seg slikt eit fint plagg. I egyptiske gravkammer er det teikningar av overklassefolk med slike kjolar på. På lista over gjenstandar dei tok med seg i grava, står teiknet for "kjole", saman med andre nødvendige ting, som mat og sminke. Så dei hadde nok tenkt å pynte seg i livet etter døden!
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2024, kl. 18.45 CET