Slangerobot er vaktmeister i djupet

Slangeroboten Mamba er vaktmeisteren oljebransjen lenge har ønskt seg.

Bilde av slangeroboten som svømmer under vann, med en lampe i front.
 Slangeroboten gjør reparasjonsarbeid under vann. Foto:NTNU/EELUME

Funn av olje på havbotnen har gjort Noreg til eit av dei rikaste landa i verda. Det trengst mykje utstyr for å hente opp oljen. Mykje av dette utstyret må liggje nede på havbotnen. På djupt vatn.

Må reparerast

Alt dette utstyret må kontrollerast ofte. Av og til må det reparerast. Ofte er det for farleg for menneske å dykke heilt ned til havbotnen. Men nokon må gjere jobben. Kva med ein sjøorm?

Robotsjøorm

Forskarar ved NTNU og Sintef har jobba med slangerobotar i mange år. No har dei laga ein robotsjøorm. Slangeroboten Mamba er vasstett, og kan svømme under vatn. Den lange, slanke kroppen gjer at han kan komme til på tronge stader, for eksempel mellom søyler og røyr på havbotnen.

Med gripeklør

Målet er at slangerobotane skal jobbe som vaktmeistrar under vatn, for eksempel på oljefelt. Robotane kan bruke kamera til å kontrollere røyr og anna utstyr. Dei skal også få gripeklør, slik at dei kan opne og lukke ventilar.

Alltid klare for oppdrag

Slangerobotane treng ikkje fjernstyring. Dei kan svømme omkring på eiga hand. Planen er at dei skal halde til under vatn heile tida. Slik vil dei alltid vere klare for oppdrag.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. desember 2024, kl. 06.06 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.