Mars-robot får norsk hjelp

Roboten Mars 2020 er oppkalla etter staden han skal til og året han skal reise ut for å utforske planeten Mars. Eit av dei viktigaste verktøya til roboten blir laga i Noreg.

Roboten som bruker lasersynet til å se gjennom steiner på mars.
Roboten Mars 2020 skal undersøkje om det nokon gong har vore liv på Mars. Foto: NASA

Sommaren 2020 set han kursen mot den raude planeten. Her skal han undersøkje om det nokon gong har vore liv på Mars. Roveren skal også finne ut kva astronautar vil trenge for å klare seg på planeten.

Travelt for forskarane

Det kan verke lenge til 2020. Men forskarane som jobbar med utstyr til Mars-roveren, har det travelt likevel. Roboten treng nemleg mange heilt nye instrument for å finne ut mest mogleg om Mars, instrument som kan undersøkje alt han kjem over, både over og under bakken.

Illustrasjon av hvordan roveren skal se ut.
Her er ei teikning av korleis roveren skal sjå ut. Illustrasjon: NASA

Georadar bygd i Noreg

Eit av dei viktigaste instrumenta blir bygd her i Noreg. Det er nemleg norske forskarar som lagar georadaren til roveren.

Ein georadar sender signal ned i bakken for å finne ut kva som skjuler seg der nede. Mars 2020 er den første Mars-roveren som har eit slikt instrument om bord. Dermed er han også den første roveren som kan finne ut kva som skjuler seg under Mars-overflata.

Georadaren blir transportert gjennom et snødekket landskap på Svalbard.
Georadaren er eit av dei viktigaste instrumenta på roveren. Den blir bygd i Noreg og har blitt testa på Svalbard. Foto: NASA/FFI

Andre robotar på Mars

Mars 2020 blir ikkje den første roboten på Mars. Det første robotfartøyet landa på den raude planeten alt i 1971. Sidan den gongen har vi sendt mange robotar til Mars. Nokre av dei krasja. Andre gjekk sund like etter landing. Nokre fungerte i lang tid før dei slutta å verke.

I dag er det to robotar på Mars som framleis fungerer: Mars-roverane Opportunity og Curiosity.

Opportunity og Curiosity undersøkjer om det har vore mogleg å leve på Mars nokon gong. Mars 2020 skal leite etter teikn på at det faktisk har vore liv der. Han skal leite på nye stader og på nye måtar, mellom anna under bakken. 

Landskapet på Mars.
Over ser du bilete av to moglege steder på Mars der roveren kan lande. Til venstre dalen Valles Marineris og til høgre vulkanen Syrtis Major. Foto: NASA/JPL Caltech/University of Arizon

Lær meir om NASA sitt Mars-oppdrag her. På sida til NASA kan du sjå bilde og filmar av roveren slik dei har tenkt å bygge han.

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 12.43 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.