Bruker mamma feil namn på deg?

Hender det at mamma eller pappa bruker namnet på bror din eller søster di når dei snakkar til deg? Det er faktisk heilt naturleg!

Jente som er oppgitt og holder ut hendene mens hun himler med øynene.
Det er lett å bli oppgitt over foreldre som blander navn, men det er faktisk ganske vanlig. Foto: Shutterstock

Når eg skal snakke til ei av døtrene mine, kjem ofte namna til begge to – og gjerne også bikkja! Og dotter mi himlar med auga. Men eg har oppdaga at eg ikkje er åleine om denne merkelege vanen. Og at han har ei naturleg forklaring.

Putter i "skuffer"

Professor Arnulf Kolstad fortel at det er heilt vanleg å forveksle namna. Hjernen vår har ei stor og krevjande oppgåve med alt det han skal hugse på. For å halde orden på namn puttar hjernen dei i forskjellige "skuffer". Vi har veldig mange slike skuffer å sortere i. Dei vi har det same forholdet til, hamnar ofte i same skuff.

For eksempel pleier foreldre ofte å putte namna på barna sine i same skuff. Når vi så skal hente fram namnet til eit av barna, hender det at vi trekkjer feil namn frå skuffen. Eller at vi ramsar opp alle saman.

Elskar like mykje

Så ikkje bli fornærma over at mamma bruker namnet til søster eller bror din når ho snakkar til deg. Det betyr rett og slett berre at ho elskar dykk like mykje!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. desember 2024, kl. 13.39 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.